Original version
DIN - Tidsskrift for religion og kultur. 2020, 5-23
Abstract
Artikkelen tar for seg omsettingar av og kommentarar til koranverset 4:34, slik dette er gjort i fire ulike norske koranomsettingar. Tre av dei er utgitt av muslimske organisasjonar i Norge. Fokus er på den delen av verset som etter vanlege tolkingar gir mannen løyve til fysisk å straffe ei ulydig kone. Det generelle spørsmålet er korleis omsettingane handterer mogelege kollisjonar mellom moderne verdistandpunkt og vers i Koranen som kan bli opplevd som problematiske. Her kan ein identifisere ulike strategiar som anten modifiserer den omsette koranteksten, eller markerer eigne verdistandpunkt i kommenterande fotnotar. Hermeneutisk vil dei fire omsettingane, med tilhøyrande kommentarar, bli lest i lys av følgjande tolkingsstrategiar: seie nei til teksten; gjere han moralsk sett rikare; eller inkludere det tolkande fellesskapet i sjølve openberringshendinga. Kan dei nemnde strategiane (med eit utanfrå-blikk) også tolkast som måtar å forbetre den heilage teksten?