Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:20:04Z
dc.date.available2013-03-12T13:20:04Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-05-25en_US
dc.identifier.citationTveit, Roy G.. Inversjon i norsk . Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32404
dc.description.abstractInversjon blir rekna som eit språktypologisk markert trekk ved norsk språk, og markerte trekk er vanskelege å læra og få automatisert, mange vil hevda uansett kva morsmål tileignaren har. Men det finst nokre få språk i verda som har ein inversjonsregel identisk med inversjonsregelen i skandinaviske språk: Tysk, nederlandsk, afrikaans, islandsk, færøysk og frisisk. Vil ikkje norsktileignarar med eit av desse morsmåla tileigna seg inversjon i norsk tidlegare og bli meir dugande og normrette i høve til inversjon i norsk enn tileignarar utan ein norskidentisk inversjonsregel i morsmålet sitt? I denne mastergradsavhandlinga undersøkjer eg det ovannemnde spørsmålet med utgangspunkt i eit utval på 120 informantar, 60 med polsk og 60 med tysk som morsmål, fordelte på to nivå, mellomnivå og høgare nivå (nivå B 1 og B 2 ). Materialet mitt er skriftlege tekstar, langsvar frå ”Språkprøven i norsk for fremmedspråklige voksne – mellomnivå” og langsvar frå ”Test i norsk – høyere nivå.” Eg samanliknar dei to morsmålsgruppene på kvart av nivåa for å finna ut om det er nokon samanheng mellom morsmålslikskap og målspråksdugleik i høve til det norske V2-prinsippet. Dei tyske informantane har ein norskidentisk inversjonsregel i morsmålet sitt medan dei polske informantane ikkje har det. Vil då dei tyske informantane sin kjennskap til V2-prinsippet frå morsmålet føra til at dei tileignar seg inversjon tidlegare og blir signifikant betre enn dei polske informantane i høve til inversjon i norsk? Dersom ja; er morsmålet då den einaste årsaka til at det er slik, eller ligg det fleire medverkande årsaksfaktorar til grunn for eventuelle skilnader i inversjonsdugleiken mellom gruppene? For å finna svar på desse spørsmåla undersøkjer eg om det ligg føre signifikante skilnader mellom dei polske og dei tyske informantgruppene når det gjeld forholdet mellom rette og avvikande strukturar, når det gjeld talet på informantar med inversjonsavvik, og når det gjeld talet på produserte inversjonsstrukturar i forhold til strukturar med endefram ordstilling. Eg undersøkjer og vurderer dessutan etter bestemte målepunkt om nokre av gruppene produserer så få inversjonsstrukturar at det dreier seg om unngåing av setningstypen, og eg vurderer om nokre av informantane som grupper kan seiast å ha tileigna seg inversjon i norsk skriftleg på mellom- eller høgare nivå. Vidare undersøkjer eg om det kjem fram utviklingsperspektiv frå mellomnivå til høgare nivå hos morsmålsgruppene. Eg startar avhandlinga med å gjera greie for rådande faglege syn på inversjonstileigning, og eg samanliknar dei faglege syna med folkelege syn på inversjon i norsk mellomspråk, slik dei kjem fram gjennom undersøkingar og i filmar og bøker der mellomspråk er representert. Eg gjer dessutan greie for metodiske val og for problemstillingar og mål med undersøkinga. I hovuddelen set eg fokus på sentrale teoriar om andrespråkslæring og gjer greie for tidlegare undersøkingar omkring inversjon i mellomspråk. Eg presenterer ulike typar inversjonsavvik med utgangspunkt i Hagen (1992) sin pilotstudie av inversjon i norsk mellomspråk. I neste omgang jamfører eg reglane for og bruken av invertert ordstilling i språka norsk, tysk og polsk, med fokus på korleis strukturelle forskjellar og likskapar mellom morsmåla og målspråket kan tenkjast å påverka inversjonsperformansen i mellomspråket. Deretter gjer eg greie for dei setningskategoriane som er med i analysen, og eg gjer greie for problem knytte til gjennomføringa av analysen. I neste omgang presenterer og kommenterer eg resultata av analysen. Eg ser på fordelinga av inversjonsstrukturar versus strukturar med endefram ordstilling i begge morsmålsgruppene og på begge nivå. Eg legg fram, samanliknar og kommenterer talet på informantar representererte med inversjonsavvik i tekstane sine, og eg legg fram og kommenterer talet på inversjonsavvik versus rette strukturar mellom informantgruppene. Eg presenterer først dei ulike setningskategoriane kvar for seg, og deretter den totale inversjonsperformansen, som femner om overinverterte leddsetningar i tillegg til feil- og underinverterte heilsetningar. Alle resultata blir testa ut for å avdekka om skilnader som kjem fram mellom morsmålsgruppene er signifikante. Kva kjem fram av analysen? Resultata av analysen viser signifikante skilnader i inversjonsdugleiken mellom dei to morsmålsgruppene, på begge nivå. Dei tyske informantane har som grupper tileigna seg inversjon i norsk skriftleg, og dei har ein signifikant betre inversjonsdugleik enn dei polske informantgruppene. Og medan dei tyske informantane har ein norsklik inversjonsperformanse allereie på mellomnivå, har ikkje dei polske informantane som grupper tileigna seg inversjon i deklarative setningar, verken på mellom- eller høgare nivå. Kva er årsakene til skilnadene? Eg bruker den siste delen av avhandlinga til å drøfta funna mine i lys av problemstillingar og teori. Eg samanliknar mine eigne funn med funn frå andre undersøkingar, og eg drøftar moglege årsaksfaktorar til at dei tyske informantane tileignar seg inversjon tidlegare og har ein signifikant betre inversjonsdugleik enn dei polske informantane. For det første kjem eg fram til at morsmåla tysk og polsk står fram som ein viktig forklaringsfaktor til dei signifikante forskjellane mellom dei tyske og polske informantgruppene. For det andre ser det ut til å spela ei rolle at inversjon er eit markert språktrekk ved målspråket norsk. Fleire undersøkingar tyder på at også tyske tileignarar gjer inversjonsfeil i byrjinga av tileigningsprosessen, og ein forklarer det med at inversjon er eit markert trekk. For det tredje spelar graden av pragmatisk og semantisk funksjon ei rolle. Blant anna viser ingen av informantane i undersøkinga mi teikn til å ha problem med spørsmålsinversjon, sannsynlegvis fordi denne typen inversjon har ein klar pragmatisk funksjon, nemleg å danna spørsmål. Derimot er det berre dei tyske informantgruppene som har tileigna seg inversjon i deklarative setningar med eit ikkje-subjekt i framfeltet, ein type inversjon som manglar pragmatisk og semantisk funksjon, og det er berre dei tyske informantgruppene som er feilfrie i høve til overinversjon i leddsetningar. Dei tyske informantane ser dermed ut til å ha direkte nytte av den norskidentiske inversjonsregelen i morsmålet sitt i møte med mangelen på pragmatisk og semantisk funksjon i V2-prinsippet som gjeld for deklarative setningar i norsk. Eg konkluderer derfor med at den norsklike inversjonsregelen i tysk bidreg til at dei tyske informantane har tileigna seg inversjon, og er dugande og normrette i høve til inversjon i norsk skriftleg på dei nivåa eg har undersøkt.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleInversjon i norsk : når polsk og tysk er morsmålen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-10-15en_US
dc.creator.authorTveit, Roy G.en_US
dc.subject.nsiVDP::010en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Tveit, Roy G.&rft.title=Inversjon i norsk &rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-22872en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo92236en_US
dc.contributor.supervisorGeirr Wiggen og Else Ryenen_US
dc.identifier.bibsys093525427en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32404/4/Avhandling.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata