Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:19:30Z
dc.date.available2013-03-12T13:19:30Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-05-25en_US
dc.identifier.citationAarbø, Christer Stewart. Teikneserieromanar i litteraturundervisninga. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32403
dc.description.abstractDenne masteroppgåva er ein kvalitativ studie som er relatert til hovudområdet samansette tekstar i den nye fagplanen i norsk for læreplanen Kunnskapsløftet. Eg argumenterer for at denne nye fagplanen opnar opp for at ein no også har høve til å bruke teikneserieromanar, det som på engelsk vert kalla graphic novels, som ein del av litteraturundervisninga dersom ein ønskjer det. Problemstillinga er difor å forsøke å formulere ein mogleg verdi med ein slik undervisningspraksis. Sidan det finst svært lite forsking på området, valte eg å sjølv utføre eit forsøk i ein norsk VG3-klasse. Forsøket gjekk over ca. ei veke og klassen arbeidde med utdrag frå teikneserieromanen Watchmen av Alan Moore (manus) og Dave Gibbons (teikningar). Elevane fekk ulike oppgåver, og dei fekk tilnærme seg teksten både med verktøy frå tradisjonell litteraturanalyse, og med verktøy som er utarbeidd frå generell teikneserieteori. Til det siste brukte eg den amerikanske teikneserieteoretikaren Scott McCloud si bok Understanding Comics, og sidan McCloud høyrer til ein tradisjon som vektlegg mottakarperspektivet framfor semiotikken, valte eg bort det semiotiske perspektivet frå oppgåva til fordel for resepsjonsorientert litteraturteori og litteraturdidaktikk. Datamaterialet frå forsøket bestod av elevsvar frå fleire oppgåver, samt svara på eit spørjeskjema som elevane fekk utdelt etter forsøket var over. Dette datamaterialet vart brukt til å svare på to forskingsspørsmål: 1) Korleis responderte ei faktisk elevgruppe på bruken av teksttypen teikneserieroman i eit faktisk undervisningsopplegg? og 2) Kva var læringseffekten av dette prosjektet? Konklusjonane her var at elevane i denne klassen ikkje hadde problem med å akseptere at teikneserieromanar også kunne være litteratur, og at mesteparten meinte at prosjektet hadde hatt ein læringseffekt. Når elevane skal omtale kva dei meiner dei har lært så er tre av fire oppsummerte punkt tilknytt eiga kompetanse i litteraturtolking. Den avsluttande drøftinga ser på moglege særverdiar og innvendingar mot å bruke teikneseriar i litteraturundervisninga, og eg konkluderer her med at ein slik undervisningspraksis kan ha ein verdi for å utvikle medvitne metakunnskapar om eiga rolle i ein lese- og tolkingssituasjon. Dette kan igjen hjelpe eleven til å komme bort frå den seigliva førestelnaden om at det finnest eintydige ”fasitar” i litteraturtolkinga, og det kan samstundes utvide elevane si analytiske ”verktøyskasse”. Ulempene med ein slik praksis er i hovudsak relatert til førarbeidet og til læraren: Det kan både vere praktiske og juridiske problem med å skaffe ein teikneserietekst til ein klasse, og det kan vere vanskar knytt til læraren sine haldningar til, og kompetanse om teksttypen.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleTeikneserieromanar i litteraturundervisningaen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-10-15en_US
dc.creator.authorAarbø, Christer Stewarten_US
dc.subject.nsiVDP::010en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Aarbø, Christer Stewart&rft.title=Teikneserieromanar i litteraturundervisninga&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-22871en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo92222en_US
dc.contributor.supervisorSten-Olof Ullströmen_US
dc.identifier.bibsys093525079en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32403/2/Teikneserieromanarxixlitteraturundervisninga.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata