Hide metadata

dc.contributor.authorKvam, Elisabeth Adams
dc.date.accessioned2017-01-25T22:27:55Z
dc.date.available2017-01-25T22:27:55Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.citationKvam, Elisabeth Adams. Anker i normalitet: Ein intervjustudie om betring. Master thesis, University of Oslo, 2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/53598
dc.description.abstractFormålet med den aktuelle studien var å undersøke og utforske betringsprosessar frå klientperspektiv. Endring og betring er kjerneomgrep i psykologisk teori og praksis, som båe er konseptuelt uklare. Ei årsak til dette er at ulike aktørar i feltet (klientar, forskarar, klinikarar) har divergente interesser i (psykologisk) behandling. Innanfor psykoterapiforsking er det ein gryande interesse for å forstå endring frå klientar sine perspektiv. Motivasjonen for studien var todelt: Helsepersonell og andre som arbeider med rus og psykisk liding møter ikkje berre system, men også forskingslitteratur som handsamar rus og psykisk liding kvar for seg. Det er difor behov for ei konseptuell avklaring av betring frå samtidig rus og psykisk liding. Den andre sida ved prosjektet sprang ut frå at psykoterapiforskinga gir størst grunnlag for endringsfaktorar som korkje er diagnose- eller teorispesifikke. Målet var difor å løfte blikket og forsøke også å seie noko meir generelt om betring. Forskingsspørsmålet Kva kjenneteiknar betringsprosessane til brukarar med samansette hjelpebehov? leidde arbeidet. Framgangsmåten for å søke svar på og utforske forskingsspørsmålet var semistrukturerte intervju med seks brukarar av eitt av landets oppsøkande samhandlingsteam for personar med samtidig rus og psykisk liding. Informantane var også deltakarar i ein større evalueringsstudie av samhandlingsteamet. Analysemetoden som blei brukt var konstruktivistisk Grounded theory. Resultata indikerer at betring bør forståast som både subjektive og sosiale prosessar. Forhandling av nye identitetar framstår sentralt i materialet, og eg foreslår at identitetsutvikling kan kaste lys over samanhengen mellom indre og ytre aspekt ved betring. Kjernekategorien Anker i normalitet samanfatta alle funna. Metaforen viser til aspekt ved sjølvopplevingar så vel som materielle vilkår som synest å inngå i betringsprosessar. Funna tyder på at tenesteytarar må ha rammer som fremjer individet sine mogleikar til å ta i bruk eigne ressursar samstundes som hjelparar kan legge til rette for betringsfremjande kvardagsliv. Den aktuelle studien kan seiast å inngå i dreiinga mot ei større interesse for klientperspektiv. Ei fallgruve er å oversjå at det ikkje finst eitt, men fleire klient- og brukarperspektiv, og at omsetjinga til praksis og forsking alltid inneber fortolking. Behovet for systematisk og kritisk refleksivt arbeid med å leggje til rette for møte mellom ulike stemmer blir drøfta.nno
dc.language.isonno
dc.subjectbetring; samtidig rus og psykisk liding; førstehandsforteljingar; rus; endring
dc.titleAnker i normalitet: Ein intervjustudie om betringnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2017-01-25T22:27:55Z
dc.creator.authorKvam, Elisabeth Adams
dc.identifier.urnURN:NBN:no-56781
dc.type.documentHovedoppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/53598/1/Anker-i-normalitet.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata