Abstract
Nominativ singularis (Nsg) -e i den maskuline o-deklinasjonen har innan slavistikken vore kjend som eitt av dei mest særmerkte trekka i nordrussiske dialektar sidan 1800-talet. Dette i motsetnad til Nsg på -jer i alle andre slaviske dialektar. Det har blitt lansert fleire hypotesar om opphavet til denne endinga sidan 1800-talet. Oppdaginga av neverbreva i Novgorod på 50-talet gjorde at kjeldetilfanget for og forståinga av dialekten der auka vesentleg. Såleis har det sidan 80-talet blitt presentert minst 5 nye forklaringar av denne nominativen på -e.
I denne oppgåva analyserer eg dei ulike hypotesane om opphavet til denne endinga. På bakgrunn av desse analysane avviser eg -e som ein lydrett refleks av *-os – altså fonetiske forklaringar. Dessutan er det mykje som talar for at vokativendinga -e ikkje kan vere opphavet til nominativen på -e. W. R. Vermeer og V. B. Krys´ko lanserte tidleg på 90-talet ideen om at -e kan kome frå nominativ singularis *-e i jo-deklinasjonen. Per i dag ser dette ut til å vere den beste løysinga på problemet. Men ingen av desse – og heller ingen andre – kan seiast å ha ei tilfredsstillande forklaring av den belagde nominativen -jer i jo-stammane (i motsetnad til -e i o-stammane). Dette er eit problem fordi o- og jo-stammane viser ei svært konvergerande utvikling i dei eldste tekstane frå Novgorod. Såleis må ei endring Nsg *-e > -jer i jo-stammane ha ein motivasjon som ikkje er til stades i o-stammane. I denne oppgåva legg eg fram ei tolking av dette problemet som kan seiast å styrkje forklaringa til Vermeer og Krys´ko, og spesielt sistnemnde sin versjon.