Abstract
Bakgrunn: Nakenbiletespreiing har vorte eit aukande problem blant unge i Noreg. Fleire studiar visar at det eksisterer ein generell haldningstendens til å legge skulda på offeret, gjerne på grunnlag av offerets seksualitet omtala slutshaming. Samtidig kan skaden og kriminaliteten av nakenbiletespreiing verte minimalisert dersom det kjem fram at offeret sjølv produserte biletet. Få studie har utforska i kva grad slike haldningar eksisterer blant norske ungdomar, og kva for nokre psykologiske mekanismar som kan predikere desse. Haldningar til nakenbiletespreiing kan både påverke motivasjonen til å spreie nakenbilete vidare og forverre konsekvensar offer opplev. Å fokusere på haldningsendring kan difor vere givande i kampen mot å førebyggje nakenbiletespreiing. Formålet med denne studien var å undersøkje norske ungdomars haldningar til nakenbiletespreiing, og det vart utforska om kjønn og personlegdomstrekka mørk personlegdom og empati har ei predikerande rolle for slike haldningar. Metode: Deltakarane vart rekruttert gjennom klyngeutval der elementet bestod av vidaregåandeskular i Viken Fylke. To skular deltok. Etter klargjering av datamaterialet stod ein igjen med 113 deltakarar. Haldningar til nakenbiletespreiing vart operasjonalisert gjennom skalaen Belief in Revenge Pornograhy Questionnaire. Tre overordna haldningar vart undersøkt (offer som promiskuøs, offerskade og offerskulding) gjennom tre multiple hierarkiske regresjonsanalysar. Analysen bestod av fem modellar. Prediktorane kjønn, mørk personlegdom og empati vart introdusert ein og ein, og til slutt i ein samla modell. Resultat: Resultatet viste at ungdomane generelt sett var ueinige i å sjå på offer av nakenbiletespreiing som promiskuøs. Det var ein signifikant, men liten samanheng mellom haldningsvariabelen offer som promiskuøs og prediktorane alder og kjønn. Vidare viste resultatet at ungdomane vurderte skaden som offer av nakenbiletespreiing vert utsett for som høg. Det var ein signifikant og moderat samanheng mellom offerskade og prediktoren empati, og signifikant, men liten samanheng med sosioøkonomisk status. Medan offer som promiskuøs og offerskade hadde tydlege retningar, var resultatet for offerskulding meir spreidd. I tillegg var den verken predikert av kjønn, mørk personlegdom eller empati. Konklusjon: Studien tyder på at norske ungdomar aksepterer offerskulding i større grad enn slutshaming av offer og minimalisering av offerskada. Funnets betydning vart diskutert, saman med studiens avgrensingar og implikasjonar. Tiltak for å redusere nakenbiletespreiing bør fokusere på å redusere tendensen til å legge skulda på offeret. Det er behov for meir forsking som utforskar kva for nokre faktorar som heng saman med offerskulding.