Abstract
Forskingsarbeidet i denne oppgåva har vore retta mot innføring og bruk av arkiv- og saksbehandlingssystemet Ephorte i Lier kommune. Ephorte vert ikkje brukt i den grad det er ynskjeleg frå fleire hald kommunen. For å finne ut korfor Ephorte ikkje vert brukt i den grad det er ynskjeleg, og korfor ulike grupper i Lier kommune brukar Ephorte i ulik grad har eg gjort ei innsamling av empirisk materiale som kan kaste lys over dette.
Det empiriske materialet vert først sett i samanheng med teoriar frå forskingsfeltet CSCW for å vise korleis Ephorte styrer tilgang til delte informasjonsområde, kor viktig det er med ein kritisk masse for nytteverdien av systemet og samanhengen mellom arbeid og nytteverdi av systemet.
Essensen i oppgåva er ein analyse av innføringa og bruken av Ephorte med utgangspunkt i struktureringsteori. Her viser eg korleis ulike strukturar vert bygde opp i samband med utviklinga og implementeringa av Ephorte og korleis desse strukturane påverkar eigenskapar ved Ephorte. Deretter viser eg korleis
saksbehandlarane byggjer opp ulike teknologi-i-praksis-strukturar i sin kontinuerlege bruk av Ephorte avhengig av kva arbeidssituasjon dei er i, og korleis desse strukturane utgjer reglar og ressursar for bruk av systemet. Dette brukar eg til å forklare korfor Ephorte ikkje vert brukt i den grad det er ynskjeleg, og i ulik grad av ulike grupper.