Abstract
Denne oppgåva undersøkjer korleis språkforvaltning fungerer i praksis, og kva språkhaldningar og språkideologiar som spelar inn i forvaltninga av nynorsk. Studieobjektet er eksamensoppgåver ved Universitetet i Oslo, og granskinga er både kvantitativ og kvalitativ. Gjennom oppgåva vert det svart på tre forskingsspørsmål: 1. Kva grammatiske feil og avvik er å finne i nynorskversjonen av eksamensoppgåver ved UiO? 2. Kva system og praksis har UiO når det vert laga eksamensoppgåver? 3. I kva grad kan språkhaldningar og underliggjande språkideologiar vere med på å forklare grammatiske feil og avvik i nynorskversjonen av eksamensoppgåver ved UiO? I granskinga vert det avdekt mange grammatiske feil og avvik i eksamensoppgåver ved Universitetet i Oslo. Skilnadene mellom ulike fakultet og institutt er store, men tala på feil og avvik er gjennomgåande høge. Det er særleg mange feil i bøying av substantiv, og det er ein utbreidd bruk av ord frå bokmål. Det vert også avdekt ein samanheng mellom grammatiske feil og avvik og språkhaldningar og språkideologiar. Ein finn både positive og negative haldningar til nynorsk ved Universitetet i Oslo, og det er tydeleg at haldningar har konsekvensar for system og språkleg kvalitet. Haldningar påverkar mellom anna prioriteringar. Negative haldningar kan føre til ei nedprioritering av arbeid med nynorsk, som igjen fører til grammatiske feil og avvik i eksamensoppgåver. UiO manglar gode system for omsetjing til og kvalitetssikring av nynorsk. Resultatet er at utdanningsinstitusjonen ikkje følgjer gjeldande lovverk. Dette har konsekvensar for utdanningsinstitusjonen, tilsette og studentar. Det har også konsekvensar for nynorsken si stilling i samfunnet.