Abstract
I denne oppgåve har eg sett på møtereferat i Codex Alimentarius. Eg har analysert debatten om sporing av mat ut frå tre teoretiske perspektiv. Dette for å forklare skilnaden mellom EU og USA i debatten om internasjonal standardsetjing. Problemstillinga som oppgåva byggjer på, er: Korleis kan ein forklare EU og USA sine bidrag i debatten i Codex Alimentarius ut frå eit instrumentelt perspektiv knytt til nytte/kostnadsvurderingar, eit historisk-institusjonelt perspektiv knytt til stiavhenge og innarbeidde handlingsmønster, og ut frå press frå omgivnader . I gjennomgangen av hovudtrekka i debatten finn eg at EU og USA står på kvar si side i diskusjonen. Det viktigaste funnet er at EU argumenterer for å utvide og USA vil innsnevre. Dette gjeld defineringa av sporing av mat: EU ynskjer ein vid definisjon medan USA ynskjer ein snever. Vidare kva mål sporing skal knytast til: EU vil inkludere fleire mål enn det USA vil. Det gjeld òg i kva komitear ein skal drøfte spørsmålet: USA vil helst halde det til ein komité, medan EU ynskjer diskusjon i fleire. I samband med det instrumentelle perspektivet, kjem det av analysen fram at USA er noko tvilande til kor godt verkemiddelet sporing er. Dette gjeld også i samband med mattryggleik, som er det einaste målet med sporing som dei aksepterer. Det verkar også som at USA er meir uroa for konsekvensane arbeidet i Codex kan få for internasjonal handel. Debatten i Codex svarar i stor grad til forventningane ut frå eit historisk-institusjonelt perspektiv. Tradisjonane i Codex og handlingsmønsteret som EU og USA har vist i andre samanhengar. Perspektivet om press frå omgivnader har mindre forklaringskraft, men viser interessante sider ved omgivnadane til Codex.