Abstract
Denne oppgåva ynskjer å besvare følgjande problemstilling: I lys av forståinga av funksjonshemming i (NOU 2001:22) og utifrå kapabilitetstilnærminga som lagt fram av Amartya Sen og Martha Nussbaum, kan funksjonshemming forståast som kapabilitetsfattigdom?
Kapabilitetar er moglegheitene menneskje har til å vere og gjere. Kapabilitetstilnærminga legg fram kapabilitetar som dei grunnleggjande verdiobjekta i stadenfor nytte, som hjå utilitarismen, og i staden for ressursar, som hjå Rawls' rettferdsteori. Sen og Nussbaum som dei fremste tenkjarane og utviklarane av tilnærminga, legg dette fram på ulikt vis. I denne litteraturoversikta vert dei ulike måtane desse to forstår, formulerer og utviklar grunnomgrepa i tilnærminga framstilt ved å gå gjennom dei sentrale verka som høyrer desse til.
Sen er utgangspunktet då det er han som utvikla grunnomgrepa tidleg på 80-tallet. Hans presise kritikk av velferdismen, formulert i eit rammeverk som baserer seg på Kenneth J. Arrow sitt umoglegheitsteorem frå 1963 dannar ein introduksjon til hans kritikk av utilitarismen. Målet er å kunne utvikle eit rammeverk som tillet meir informasjon enn kardinal eller ordinal nytte, og som er effektiv i interindividuelle evalueringar. Problema som oppstår som resultat av denne utvidinga av informasjonsbasen vert også diskutert. Sen kritiserer så Rawls' ressursfokus, ved å påpeike at ei rettferdig fordeling av ressursar, basert på kunnskap om fordelinga av ressursar, tek ikkje inn over seg at personar er i ulik stand til å gjere om ressursar til faktiske realiseringar.
Nussbaum har eit rettferdsteoretisk utgangspunkt. For ho er kapabilitetstilnærminga nettopp det fleksible rammeverket som mogleggjer ein kritikk av manglane i den sosiale kontrakt-tradisjonen. Hovudtrekka i dei klassiske kontraktsteoriane vert gjennomgått, for så å identifisere desse hjå Rawls. Hovudfunna er at fleire av svakheitene som går igjen hjå dei klassiske tenkjarane kjem godt til synes idet Rawls rettferdsteori skal behandle funksjonshemming, herunder utviklingshemming. Ein nøye gjennomgang av desse svakheitene fører til at Nussbaum forkastar nokre av dei sentrale omgrepsmessige byggjesteinane i kontrakt-rammeverket. Vidare utviklar Nussbaum ei forståing av kva det vil seie å ha eit liv som er mennesket verdig. Med dette som eit av koordinata i den normative teoretiseringa formulerer Nussbaum ti sentrale menneskelege kapabilitetar som skal fungere som ei nedre grense av det som karakteriserar eit liv, mennesket verdig.
Saman med den rådande forståinga av funksjonshemming i det offentlege i Noreg, samt ein gjennomgang av tilbodet frå stat og kommune, vert det forsøkt å formulere ei forståing av funksjonshemming utifrå ei kapabilitetstilnærming. Dette vert knytt til dei offentlege målsetjingane for denne gruppa som funnen i (NOU 2001:22), der målet vert formulert som full inkludering og integrering.
Til slutt vert det gjennomgått nokre artiklar og studier som brukar kapabilitetstilnærminga i empirisk forskning. I og med at kapabilitetstinærminga vart formulert med det formål å utvide informasjonsbasen, og slik ta omsyn til dei moglegheitene menneskje har til realisere eigne mål og velvære, fører dette til særskilte utfordringar i det økonometriske arbeidet. Studiene som vert gjennomgått vert samanlikna med dei norske levekårsundersøkingane.
Konklusjonen i denne oppgåva peikar i retning av at funksjonshemming kan forståast som kapabilitetsfattigdom. Sidan anvendelsen av kapabilitetstilnærminga er eit nytt felt, er konklusjonen tentativ like mykje som nysgjerrig på det utviklinga av denne tilnærminga, både teoretisk og anvendt, vert.
The aim of this thesis is to answer the following: In light of the understanding of disability as laid forth in (NOU 2001:22) and informed by the capability approach as developed by Amartya Sen and Martha Nussbaun, can disability be understood as a form a capability deprivation?
Capabilities are the potential doings and beings human beings are capabable of. The capability approach argues that capabilities should serve as the objects of value in an evaluative exercise, not only utility or resources. Sen and Nussbaum develop this approach each within their respective disciplines. This literature-survey is an attempt at providing a thorough understanding of the different understandings, formulations and developments of the foundational concepts of this approach whilst organizing the exposition around the thesis statement.
Sen developed the foundational concepts in the early 1980s. His precise criticism of welfarism, formulated in the framework of Kenneth J. Arrows's impossibility theorem of 1963 introduces his criticism of utility as the exclusive type value object in an evaluative exercise. Sen's criticism of the rawlsian theory of justice focuses on the lack of attention to the differing abilities of persons converting resources into realizations of doing and being.
Nussbaum uses the capability approach in her critique of the social contract tradition. In identifying problems in the classical tradition Nussbaum shows how some of these weaknesses are present in Rawls' modern theory of justice. It is also used in the development of a list of ten central human capabilities which identifies a threshold of a life worthy the dignity of the human being.
Together with the understanding of disability in Norway, an attempt at understanding disability as capability deprivation is formulated. Specifically, an understanding of the special type of disability as present in persons with a mental retardation diagnosis, in other words, in people with learning disabilities.
A small number of empirical applications will be surveyed highlighting the different methodologies available to those using the capability approach. These applications will be compared to the Norwegian standard of living research methods.
The conclusion of this thesis points in the direction that disability, specifically those associated with persons with learning disabilities, can be understood in terms of capability deprivation. Since the application of the capability approach is new and and expanding field, the theoretical and practical developments will give an ever deepening understanding of the many ideas surveyed in this thesis.