Abstract
Denne oppgåva handlar om korleis lærarar i ungdomsskulen tenkjer og vurderer når dei arbeider med munnleg norsk gjennom året. Eg ser på prosessen fram mot ein standpunktkarakter ved slutten av skuleåret framfor å konsentrere meg om eksamenskarakter og eksamensordning. Kurs for dei som vert plukka ut som sensorar kjem inn som ein del av det lærarane oppfattar som kursing i vurderingskompetanse frå styremaktene si side, men har ikkje vore fokus for mitt arbeid med emnet.
Læreplanane og endringar i desse dannar bakteppet for korleis lærarane tenkjer og arbeider med vurdering, og eg har difor lagt stor vekt på læreplanane. Framfor å ta med eit stort kapittel om læreplanane, har eg skrive eit høvesvis kort samandrag og lagt teksten, der eg går nærare inn på kvar læreplan, som vedlegg. For å få kunnskap om korleis lærarane arbeider og tenkjer om vurdering, gjennomførte eg kvalitative, semi-strukturerte intervju med fire lærarar frå tre forskjellige skular i to kommunar.
Elevane kjem også til orde for å fortelje om sine synspunkt og erfaringar med det å bli vurdert i norsk munnleg, og her valde eg fokusgruppeintervju som metode. Arbeidet mitt er i stor grad basert på sosiokulturell teori og det å la fleire stemmer bli høyrde.
Oppgåva mi viser og drøftar korleis lærarane ser på munnleg norsk og vurdering i faget, den ser på kva lærarane tenkjer om utviklinga i læreplanane og om utviklinga som har funne stad har gjort noko med lærarane sin måte å vurdere munnleg norsk på.
Oppgåva seier også noko om elevane får høve til å delta i vurderingsarbeidet, og korleis elevane sjølve oppfattar dette. Elevdeltakinga vert også sett i samanheng med dei ulike læreplanane, og om det har vore ei utvikling på dette området.
Oppgåva prøver å seie noko om i kva grad og korleis lærarar nyttar
vurderingskriterium i sitt arbeid, og korleis desse kriteria er gjort tydelege for andre enn lærarane sjølve. Sist, men ikkje minst, er eit viktig mål med oppgåva å seie noko om kva det konkret er lærarane ser etter av kvalitet når dei vurderer norsk munnleg.
Nokre viktige resultat i undersøkinga mi er at lærarar i stor grad nyttar eigen praksiskompetanse som dei har bygt opp gjennom fleire år, heller enn å støtte seg på læreplanane. Kollegarettleiing vart også tillagt svært stor vekt og alle lærarane eg intervjua peika på at eit godt praksisfellesskap og det å diskutere med kollegaer var
viktig for deira eigen måte å vurdere på. Lærarane la vekt på dei same tinga når dei vurderte munnleg, eg tenkjer då på framføringar, aktivitet i timen osb., men det var som nemnt ingen skriftleggjorde kriterium for kva som skilde ein god og dårleg prestasjon på skulenivå. Alle sa også at dei meinte at det på deira skule var ei felles oppfatning av kva som var god kvalitet, men her merka eg meg at berre ein av skulane hadde gjort denne felles oppfatninga tilgjengeleg for andre i form av skriftlege kriterium. På denne skulen var desse førebels ikkje gjort felles for alle, her var det ein
lærar som hadde utvikla kriterium og brukt dei i si klasse. Slik vil eg seie at t.d. ein nytilsett vil bli sosialisert inn i ein praksisfellesskap, og kor fort det går, vil avhenge av den nytilsette sjølv – er det ein spørjande og aktiv person, eller vil vedkommande
kjenne eit stort ansvar for å utvikle sine eigne kriterium for vurdering? Ein av lærarane peika på at med fastlagde kriterium for vurdering vil ein vere sikrare på at elevane får ei meir rettferdig og lik vurdering, så etter mi oppfatning er mange lærarar
no i gang med å få laga slike kriterium.