Abstract
Elevvurdering i barneskulen er i endring i skulepolitiske dokument, gjennom læreplanar med kompetansemål i Kunnskapsløftet 2006 og nye forskrifter om elevvurdering frå 2007.
Lærarar frå tre barneskular i ein distriktskommune i Sogn og Fjordane vart i januar og februar 2008 intervjua om sine vurderingar av eigen kompetanse i elevvurderinga. Dei fortel om eigen praksis i norskfaget med undervegsvurdering av elevar i 4.-7. klasse. Dette er ein kvalitativ metode, med eit strategisk utval av lærarar som respondentar i semistrukturerte intervju. Problemformuleringa er todelt: Kva haldningar har lærarar i barneskulen til elevvurdering? Korleis opplever lærarar eigen kompetanse i elevvurdering i samband med praktiseringa av Kunnskapsløftet 2006?
Teorigrunnlaget har fleire greiner. Haldningar til elevvurdering definerer eg som ein del av vurderingskulturen. Teoretisk utgangspunkt er både læreplanteori (Goodlad 1978, Imsen 2006) og organisasjonsteori, der taus kunnskap er særleg omtala.
Elevvurdering i barneskulen vert også sett på ut frå nyare forsking på vurdering og vurderingsreiskapar (Dale og Wærness 2005, Haugstveit, Sjølie og Øygarden 2006) og forsking på læringsmiljø i klasserom etter Reform 97 (Haug 2003, Imsen 2003, 2005, 2006 og Klette 2003, 2007) og PISA+ (Klette og Lie, 2006).
Hypotesen om at vurderingskulturen i barneskulen i Gaular har eit tyngdepunkt meir mot vurdering av læring enn læring av vurdering, vart stadfesta i eigne funn. Undersøkinga tyder på at det generelt er lite systematisk arbeid med elevar si eigenvurdering i barneskulen. Elevdeltakinga er mest synleg i elevsamtalene, men er elles lite systematisk i bruk ut frå kva lærarar fortalde om eigen praksis. Døme på dette er at kameratvurdering ikkje er nemnt av respondentane, og at funna tyder på at lærarar ikkje ser heilklassesamtalen som ein arena for vurdering i samband med læring.
Undersøkinga stadfestar at sjølv i ein liten kommune kan det vere store skilnader på vurderingskulturen i klasseromma. Det er også skilnader mellom skular i kva grad ein set fokus på systematisk arbeid med undervegsvurdering. Ingen respondentar meinte at læreplanen (LK-06 ) har ført til endringar i praksis med dette, trass i at elevvurdering mot kompetansemål i fag er ein ganske ny vurderingstradisjon i barneskulen. Dette skuldast truleg den korte tida det er sidan forskrifta om elevvurdering vart endra frå 1. august 2007.
Lærarane meiner vurderingskompetansen deira er god nok, og at det som kan gjere den betre er synleggjeringa av det som allereie finst av kompetanse og meir erfaringsutveksling og hospitering mellom skulane. Andre moment var meir tid til elevsamtaler og meir overordna retningslinjer for korleis ein systematisk skal gjennomføre og dokumentere elevvurderinga i barneskulen.
Den samla kunnskapen om praksis med vurderingsreiskapar, syner ei mindre breidde i vurderingsformer samanlikna med andre funn frå nyare forsking (Haugstveit, Sjølie og Øygarden 2006). Sjølv om alle respondentane var opptekne av at elevvurdering er viktig, er arbeidet med dette i stor grad overlete til den enkelte lærar. Skulane er ulike, men det ser ut som dei fleste lærarane praktiserer elevvurderinga ut frå ein personleg erfaring og kompetanse som i liten grad er drøfta med kollegaene. Ein stor del av vurderingskompetansen som lærarar faktisk har, vert rekna som sjølvsagt av lærarar og vert lite teke opp til drøfting. Dette området av vurderingskompetansen meiner eg kjem inn under omgrepet taus kunnskap, og er ein del av skulen sin vurderingskultur.
Ein av konklusjonane er at auka fokus på dokumentasjon av elevvurdering kan føre til hyppigare testing og meir bruk av arbeidsplanar i skuletimane, for å gjennomføre tilpassa opplæring. Slik vert det ei auka skriftleggjering av klasseromma, og også i bruken av vurderingsreiskapar. Om dette skuldast ei medviten satsing ved skulane, eller manglande overordna drøftingar om korleis elevvurdering skal dokumenterast, er uvisst.