Abstract
Med masteroppgåva ønskte eg å setja fokus på eit evigaktuelt tema. Det er forska forholdsvis lite på den vidare eller andre leseopplæringa. Ordlyden på problemstillinga mi var derfor: Korleis blir leseopplæringa tilpassa elevar med ulike lesevanskar på mellomsteget? Eg ønskte å finna ut meir om korleis ein kartlegg elevane, kva type lesevanskar som finst og korleis ein prøver å tilpassa undervisinga. For å kunna svara på problemstillinga brukte eg ei fleirmetodisk tilnærming med intervju som hovudmetode og observasjon og tekstlesing som supplerande metodar. Før eg gjennomførte intervjua, måtte eg førebu meg godt ved å skriva store delar av rapporten og tenkja nøye gjennom teori og metode før eg gjennomførte noko i praksis. Både utval, meldeskjema, informasjonsskriv, intervjuguide og prøveintervju måtte vera på plass før sjølve intervjuinga. Eg har også måtta forholda meg til forskingsetiske problemstillingar gjennom heile forskingsprosessen.
Eg intervjua i alt fire lærarar frå to nabokommunar. Sidan eg også ønskte å gjera ei samanlikning mellom skulestruktur og/eller kommune, intervjua eg éin lærar frå ein fådelt skule og éin lærar frå ein fulldelt skule i eine kommunen, og gjorde det same i den andre kommunen. Utsegnene frå desse informantane om lesing, lesevanskar og leseopplæring danna grunnlaget for analyse, resultat og drøfting. Eg arbeidde vidare med det innsamla datamaterialet ved å lytta til opptaka og skriva resymé av intervjua. Desse måtte informantane godkjenna. Etterpå plasserte eg svara inn i eit analyseskjema for å få betre oversikt og samanlikna utsegnene i forhold til dei ulike spørsmåla. Eg brukte omtrent den same rekkjefølgja som i intervjuguiden. Eg brukte også av eit observasjonsskjema i samband med intervjua der eg noterte fakta og inntrykk før, under og etter gjennomføringa.
I analyseprosessen skulle dei konkrete ytringane knytast opp mot teori. Eg brukte lydopptaka, resymea og analyseskjemaet for å plukka ut sitat til rapporten. I utveljingsprosessen prøvde eg å finna fram til dei utsegnene som stod for det spesielle eller generelle i forhold til resultata. Resultata tyder på at mellomstegslærarane gjer mykje bra i forhold til å tilpassa leseopplæringa, sjølv om det alltids finst område som kan utbetrast. Informantane var einige i at lesing er ein kompleks prosess og at det er ulike årsaker til, og typar av, lesevanskar. Informantane verka også samstemde i saka om at tilpassa opplæring handlar om å oppleva meining og meistring og vidare at dei grunnleggjande dugleikane er heilt sentrale i opplæringa. Lesedugleik er viktig for alle fag og viktig å meistra for livet. På mellomsteget må elevane vidareutvikla den tekniske delen av lesinga samstundes som dei i større grad må lesa for å læra. Det er likevel viktig å ta vare på leselysta og lesegleda. Informantane prøvde å tilpassa lesinga først og fremst gjennom å gje elevane enklare eller kortare tekstar.
Eg fann fleire likskapar enn skilnader hos informantane. Det som kanskje var mest ulikt, var klassesamansettinga. Dei fådelte skulane kravde meir individuelt arbeid enn på dei fulldelte skulane. Men dei fådelte skulane hadde ein fordel ved at elevane kanskje fekk tettare oppfølging sidan dei var færre elevar. Eg synest i grunn informantane var flinke til å tenkja på kva som blei gjort i forhold til leseopplæring, i staden for å bruka dei hemmande rammefaktorane som unnskyldning for kva som ikkje blei gjort. Dei samtala om tekstar, dei brukte strategiar, dei varierte lesemåten og dei las mykje og i ulike sjangrar. Det verka som om det var eit godt samarbeid mellom lærarane på dei enkelte skulane i forhold til felles strategiar og satsing på leseopplæringa. Skulane hadde ein felles plan for kartlegging, og elevane og foreldra fekk tilbakemelding på leseutviklinga. Skulebiblioteka blei mykje brukt og elevane deltok i leselystaksjonar. Ein god leselærar må ha tid, tolmod, leseglede, fagkunnskap og å kunna læra godt i frå seg, ifølgje informantane. Alle informantane prøvde å gjera lesing til noko positivt for elevane. Lesevanskar blir ikkje hela over natta – ein må driva langsiktig kontinuerleg innsats for å utvikla lesedugleiken.