Sammendrag
Bakgrunn for val av oppgåve:
I mange år har vi hatt ulike rollar i skuleverket. No arbeider ein av oss i Pedagogisk-psykologisk teneste, medan den andre er
spesialpedagogisk koordinator på ein vidaregåande skule. Med bakgrunnen vår er vi opptekne av korleis skulane legg til rette for tilpassa opplæring og dermed også tilbodet om spesialundervisning. Gjennom erfaringane våre har vi registrert at det i
skulekvardagen ofte er størst merksemd på timeressursar og mindre på bruk av personalressursar, organisering og innhald i undervisninga.
Føremålet med oppgåva: Skulen er ein kompleks organisasjon med mange aktørar. Som pedagogisk og administrativt ansvarleg, har rektor ein sentral rolle i å koordinere innspel frå dei ulike aktørane. Han må vere oppteken av å utvikle gode læringsfellesskap gjennom nærleik til problema og aktiv deltaking i samarbeidsrelasjonar. Skal rektor sikre tilpassa opplæring og spesialundervisning, handlar det difor om kva rammer, rutinar og prosessar han legg til rette for å realisere måla slik det går fram av lov og regelverk.
Problemstilling:
Korleis sikrar rektor tilpassa opplæring og spesialundervisning?
Metoden vi har nytta:
Med utgangspunkt i problemstillinga var det naturleg å velje
rektor som informant. I regionen vi høyrer til samarbeider åtte kommunar om Pedagogisk-psykologisk teneste. Vi ønskte at alle kommunane i regionen skulle vere representert, men vi samanliknar ikkje kommunane/skulane. Informantane valde vi gjennom loddtrekking, og utfallet vart rektorar ved sju kombinerte 1-10 skular og ein ungdomsskule.
Vi har nytta ei hermeneutisk- fenomenologisk tilnærming med kvalitativt intervju som metode. Data er samla inn med utgangspunkt i ein semistrukturert intervjuguide. I analysen hadde vi ei ad hoc tilnærming for å få forståing av utsegnene til informantane. I presentasjonen slo vi saman og oppretta nye hovudtema med undertema
ut frå teori og intervjumaterialet. Det vart tre hovudtema (utheva) med undertema (i parentes): Rektor si forståing av begrep (rektorane si forståing av tilpassa opplæring og spesialundervisning), rammevilkår for skulen (timeressursar og disponering av timeressursar, lærarkompetanse, kompetansebruk og kompetanseutvikling, timeplan) prosessar (rutinar, samarbeid, innhald og samordning av undervisning). Vi har drøfta datamaterialet opp mot førforståing og teori.
Resultata i studien:
Rektorane har stor merksemd på å sikre skulen timeressursar, og
mindre fokus på organisering og innhald i undervisninga. Rektorane gjev uttrykk for at tilpassa undervisning er eit overordna prinsipp, men i skulekvardagen ser ei tredeling ut til å vere det vanlege: Ordinær-, tilpassa- og spesialundervisning.
Den spesialpedagogiske kompetansen vert prioritert til elevar med enkeltvedtak, menvert og nytta i forhold til rettleiing internt både med omsyn til tilpassa opplæring og spesialundervisning.
Alle rektorane har etablert ein arena der foreldre, skule og PPT legg grunnlaget for sakkunnig vurdering og IOP. Foreldra har ikkje ein like sentral rolle i utarbeidinga av planen på alle skular. Dei rektorane som har uttalt seg om bruken av IOP, er usikre på i kva grad planen er brukt som planleggingsgrunnlag i det daglege.
Rektorane ser det som ei utfordring å få større grad av samordning mellom individuelle opplæringsplanar og klasseplanar. Rektorane legg også vekt på PPT sin rettleiingsrolle i høve tilpassa opplæring og spesialundervisning.
Rektorane framhevar at dei har møteplassar (team) for lærarane. Dei har forventningar om kva som skal drøftast, men legg i varierande grad føringar.
Generelt har rektorane stor tillit til lærarane, og den usynlege kontrakten ser ut til å gjelde. Læreboka er styrande for undervisninga. Rektorane ser nivådifferensierte lærebøker i
matematikk som eit godt verktøy for å trygge tilpassa opplæring. I fag utan nivådifferensierte lærebøker, er nokre rektorar usikre på om arbeidsplanane ivaretek tilpassa opplæring.