Abstract
Bjørnen, borgarkvinna, arbeidarhelten, vandraren og kulakken er utvalde motiv i Andrej Platonovs kortroman Kotlovan som relaterer til dehumanisering. Den galne profeten, metamorfose og metall/kjøt er tilsvarande motiv knytte til dehumanisering i Platonovs novelle Musornyj veter. Dehumaniseringa er sett i ljos av Platonovs samtid og idear om utopi og det nye mennesket. Dehumanisering har sitt motstykke i avhumanisering, der mennesket søkjer å bli noko større enn det er og overgå avgrensingane gjevne av naturen, til dømes i form av kropp. Slike avhumaniserte menneske er dei rette borgarane av ein urban utopi. Ved hjelp av mellom anna Dostoevskij syner oppgåva korleis dehumaniseringa er ibuande det avhumaniserte mennesket på same måte som realisert utopi vender seg til dystopi. Oppgåva tolkar den kommunistiske sosialismen som implementering av ein utopi, og Platonov sine verk som profetiske visjonar av ein framtidig dystopi, synt eksplisitt i vesle Nastjas død og gravlegging i det lysande nye proletarbygget sitt fundament, og Al'bert sitt kannibalistiske frelsingsprosjekt. Med utgangspunkt i ei nærlesing av originaltekstane er kjeldematerialet av eklektisk natur og oppgåva siktar mot å syne breidda og tolkingspotensialet i Platonovs motivbruk. Den motivteoretiske ramma vektlegg intertekstualitet og den mytiske dimensjonen er særleg tydeleg hjå bjørnen, men også i tolkinga av metallet.