Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:46:56Z
dc.date.available2013-03-12T11:46:56Z
dc.date.issued2002en_US
dc.date.submitted2002-11-01en_US
dc.identifier.citationHauge, Kari. Ring på ring . Hovedoppgave, University of Oslo, 2002en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/26085
dc.description.abstractUtgangspunktet for oppgåva er ei gransking av sambandet mellom arbeid og dikting hjå Olav H. Hauge. Den teoretiske bakgrunnen for lesingane mine har eg fyrst og fremst funne i Richard Poirier og Stanley Cavells tekster om Ralph Waldo Emerson. Målet med arbeidet har vore å syne korleis ein sterk vilje til å sjå dikting som erkjenning og kommunikasjon, pregar dikt frå heile forfattarskapen til Hauge. Ei slik haldning meiner eg å ha funne spor av òg i dikt som er tydeleg prega av eksistensiell og språkleg skeptisisme. I det fyrste kapitlet tek eg for meg dikt som heilt eller delvis insisterer på analogien mellom dikting og arbeid. Her opnar eg for å lesa Hauge i lys av dei amerikanske diktarane i lina frå Emerson, slik Poirier presenterer dei i boka Poetry and Pragmatism (1992). Derifrå går eg vidare til å syne korleis dette perspektivet er til stades òg i dikt der tilhøvet mellom dikting og arbeid blir problematisert. Her gjer eg bruk av tankane til Georges Bataille om diktinga som ei form for erfaring av det umoglege. Slik konkretiserer eg kva som dreg i motsett retning av det produktive arbeidet. Samstundes syner eg korleis den stadige rørsla mellom motpolande dikting og røynd heller understrekar enn å undergrave den meiningsberande funksjonen til diktinga. Mot slutten av oppgåva er perspektivet Stanley Cavells tankar om dikting som heiling av skeptisisme. Her tek eg for meg dikt som ved eit samstundes passivt og sterkt metapoetisk preg, ser ut til å plassere diktinga som noko grunnleggjande annleis. Føresetnaden for å koma over skeptisismen, er hjå Cavell å forlate tvilen til fordel for eit aktivt og deltakande tilhøve til omgjevnadene. Dette tyder at vi må vende oss til spørsmåla om meining og eksistens, på same måten som vi gjer i arbeid eller i dagleg språkbruk. Ei slik haldning er det eg finn att hjå Hauge. Dikta som verkar nærast knytt til ekstase, daude eller undergangsprega dikting, målber samstundes ein sterk vilje til å kommunisere og skape forståing på tvers av dei utfordringane slike erfaringar representerer.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleRing på ring : Arbeid og dikting hjå Olav H. Haugeen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorHauge, Karien_US
dc.subject.nsiVDP::041en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Hauge, Kari&rft.title=Ring på ring &rft.inst=University of Oslo&rft.date=2002&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-6267en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo6825en_US
dc.contributor.supervisorHans H. Skeien_US
dc.identifier.bibsys030483468en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata