Abstract
Samandrag
Heilt sidan debuten i 1952 har Marie Takvam vore gjenstand for ei biografisk lesing. Takvam skreiv dikt om kvinnelege erfaringar og dei ulike fasane i livet som ho sjølv gjekk gjennom, er omkvedet. Ved å nærlese eit utval dikt har eg med denne oppgåva ønskt å vise dei estetiske dimensjonane og dei større perspektiva som dikta hennar har. Dikta mine har alltid dreidd seg om kampen mellom kjærleiken og døden, seier Takvam, og eg har difor undersøkt den lyriske forfattarskapen med tanke på korleis kjærleiken og døden manifesterer seg i dikta. Den lidenskapelege kjærleiken vert sett opp som det høgste, det som kan overskride dødsmedvitet, men eg meinar også å finne ei dragning mot døden. Georges Bataille sine tankar om sambandet mellom erotikk og død, kor den overskridande erfaringa i erotikken opnar ein veg inn til det han kallar kontinuiteten, likna med døden, har gitt ei djupare innsikt i dikta, som i stor grad er prega av konfliktar, paradoks og ambivalens. Eg peikar dessutan på den indre samanhengen i hennar lyriske univers ved å studere ei gruppe kjernemotiv kjærleik, død, livsfasar, tid og kropp og vise korleis dei virkar inn på kvarandre og endrar seg gjennom forfattarskapen. Kroppen fungerer som leiemotiv i analysen, då Takvam følgjer eit subjekt i ulike livsfasar med utgangspunkt i det kroppslege. Dermed inkluderer dikta ein negativ prosess forfallet med fortviling, kamp og melankoli som konsekvens. Ved hjelp av Julia Kristeva sin teori om poesien si evne til å sublimere melankolien i kunsten gjennom prosodien (allitterasjon, assonans) og det heterogene (symbol, metafor), undersøker eg kva verdiar Takvam set opp som motvekt til det dystre perspektivet. I det heile håper eg å vise at dikta har kvalitetar ved seg som gir dei estetisk og allmenn verdi og som taler imot påstanden om at dei skulle vere private bekjenningar.