Abstract
Oppgåva startar med ein historisk gjennomgong av omgrepet det sublime: ei oppleving av noko større enn ein sjølv i møtet med ei estetisk erfaring. Vi følgjer det sublime slik det vert framstilt i antikken fyrst med Longinus, deretter til den filosofiske undersøkjinga av omgrepet hjå Kant, og fram til ei betrakting av korleis det sublime oppfattast i romantikken. Oppgåva analyserer i kvart sitt kapittel Forster sine romanar Howards End og A Passage to India. Analysene fører oss fram til moderne tid, og til følgjande problem: Korleis kan erfaringa av noko transcendentalt formulerast i eit språk som er sekularisert og ironisk? Kan ein framstille det som i følgje Kant er absolutt stort, med eit språk som er ironisk? Når ein, som vi, har gjort ei lesing av det sublime i Forster sine to romanar, korleis artar då dette moderne sublime seg? Oppgåva dreier seg i stor grad rundt to omgrep: ironi og det sublime. Vi er interessert i å vite: korleis artar det seg, det moderne sublimet, i ei tid og i eit forfattarskap der det transcendente har nådd forfallet, og det ironiske har oppnådd ein ontologisk status?