Abstract
RESYMÉ
Kva skjer når eit kristent livssyn kler seg i den modernistiske poesien si drakt?
Utgangspunktet for denne oppgåva er tanken om at det finst ein konflikt i Arnold Eidslott sin poesi, mellom eit kristent og eit modernistisk verdsbilete. Det eine reknar med og trur seg å kjenna noko utanfor den sansbare verda, medan det andre ikkje finn nokon transcendent garantist for meining. Det har vore eit mål å visa korleis denne konflikten kjem til syne i dikta til Eidslott. Eg har lese Eidslott sin produksjon opp mot teoretiske tekstar om modernistisk estetikk, poetikk og kunsthistorie generelt (t.d. Hugo Friedrich, Theodor W. Adorno og Dag Østerberg), og opp mot tekstar som tek for seg tilhøvet mellom litteratur og religiøsitet spesielt (t.d. T.S. Eliot og Erich Auerbach).
Eg trur ikkje konflikten eg har skissert er unik for Eidslott sin poesi. Det eg finn hos han, har truleg relevans for lesinga av tekstar frå andre modernistiske diktarar med liknande livssyn. Oppgåva inneheld difor også ein diskusjon rundt omgrepet «kristen poesi», som endar i ein definisjon.
Oppgåva konkluderer noko overraskande (i alle høve for meg) med at den «reint» modernistiske og den kristne modernistiske poesien viser seg å ha svært mykje felles. Dei er samstemte i sin kritikk av det instrumentelle språket, den moderne framandgjeringa og den framstegsoptimistiske scientismen. Det er også vanskeleg å visa til strukturelle særdrag hos den eine eller den andre. Begge søker overskridande erfaringar gjennom språk, og begge kjempar mot eit språk som ikkje strekker til. Det syner seg at der det er divergens, veks denne ut av den kristne poesien sitt trusfundament.
Nittedal, april 2004
Arne Olav L. Hageberg