Abstract
Oppgåva er ein lesnad av den allegoriske romanen Il porto di Toledo av Anna Maria Ortese (1914-1998) som sjølvbiografisk verk Denne lesemodusen er bestemt av det eg oppfattar som eit sterkt ønske om å formidle personlege erfaringar til ein lesar, skape eit du som er villig til å lytte til det som mest ligg henne som forfattar og menneske på hjartet, og til å tre inn i Orteses merkverdige erfaringsverd mellom draum og røyndom. Intensjonen er ikkje fyrst og fremst å påvise faktisk, biografisk sanning eller løgn, røyndom eller fiksjon, men å vise korleis Ortese ved hjelp av spesielle retoriske strukturar får meg til å identifisere teksten som sjølvbiografisk testament over psykiske, estetiske og sosiale verdiar. Kjenneteikna ved den sjølvbiografiske lesemåten er bestemt både av møtet mellom lesaren sine forventningar og den retoriske strukturen som teksten gjer bruk av. Dei vanlegaste markørane i sjølvbiografiske tekstar er for det fyrste eit eksplisitt eller implisitt eit du som sentral figur og mottakar, for det andre refererer forfattarnamnet til det eget som trer fram i diskursen og for det tredje er teksten ei retrospektiv forteljing i prosa som ein verkeleg person fortel om livet sitt. I Il porto di Toledo er desse markørane manipulerte ved at forfattaren i tillegg til den sjølvbiografiske diskursen brukar ein litterær diskurs som tilslører sjangeren. I hovuddelen av oppgåva vil eg analysere den retoriske strukturen nærare både i forhold til den sjølvbiografiske og den litterære diskursen. Kva slags litterære virkemiddel brukar Anna Maria til å fortelje om livet sitt? På kva slags måte peikar Toledo mot ein sjølvbiografisk diskurs? Eg held meg stort sett til to teoretikarar som har arbeidd med å definere sjangergrensane til sjølvbiografien og som på mange sett står i motsetnad til kvarandre, franskmennene Philippe Lejeunes og Paul de Man. Lejeunes stiller strenge krav til sjangeromgrepet, men er i ein viss grad villig til å undersøkje autofiksjonen som ein slags mellomsjanger. Eg trekkjer dessutan inn ein del psykoanalytisk teori som utgangspunkt for diskursanalysen, til dømes Jaques Lacans nylesing av Freud og synet på det umedvetne eget. Den vektlegginga på lesarinstansen som høyrer til i den sjølvbiografiske metoden, gjer at eg står forholdsvis fritt til å tolke teksten ut frå egne erfaringar historiske og estetiske forventningar. Metoden gjev meg elles høve til å undersøke samspelet så vel mellom lesar og forfattar som mellom forfattar og sjølvbiografi. Eit spørsmål som generelt dukkar opp når ein skal drøfte sjølvbiografiske forhold, er i kva grad språket er i stand til å peike direkte på ein objektiv røyndom utanfor verket. Dette spørsmålet er spesielt interessant i forhold til Il portodi Toledo, med tanke på at det også finst ein fantastisk dimensjonen ved dette verket.