Abstract
Oppgaven går gjennom eit refleksivt-analytisk grep inn i relasjonane mellom idématerialet i og rundt Ibsens Vildanden i perspektiv av kunstnarduoen Vinge/Müllers arbeid med Ibsens dramatikk, med hovudfokus på deira versjon av Vildanden (Bergen 2009/Oslo 2010/ Berlin 2011).
Høyland opner her for å lese Ibsens kritiske realisme, hans samtidsdrama, som del av avantgardehistorien, og avantgardehistorien som del av utviklinga av ein utprega performativ vestleg samfunnskultur kor teatralitet og performativitet som kunstnariske strategiar blir sentrale i høve til kunsten som eksistensielt prosjekt i samtidskulturen. Vinge/Müllers estetikk reaktualiserer avantgardeteateret, som vist med referanser til performative uttrykk, og til dei estetisk-eksistensielle strategiane, refleksjonane, frå dadaismen og surrealismen som livsretningar, kor frigjeringa av det “sanne” mennesket frå ein dehumanisert, eller kanskje overhumanisert samfunnskultur står i fokus.
Tilhøvet mellom idealisme og realisme som er ein hovudkonflikt i Ibsens dramatikk, lever og igjen i spørsmåla om tilhøvet mellom individ og samfunn i det Guy Debord kaller skodespelarsamfunnet, kor kunstens strategi går over i eit anti-estetisk program, og ifølgje kunstkritikaren Mikkel Bolt, representerer Avantgardens Sjølvmord. Gjennom hybridkunstnaren Joseph Beuys kan ein i same tidsperiode lese ei anna historie, om avantgardens prosjekt transformert til ei form for performativ surrealisme, kor Beuys blir til ein trickster-figur som opererer mellom det akademiske, kunstnariske og sjamanistisk-spirituelle i sitt totalitære anti-kunst kunstprosjekt som framhever mennesket i seg sjølv som kunstner: Jeder Mensch ist ein Künstler. I Vinge/Müllers arbeid kan ein spore både det dystopiske og utopiske aspektet som balanserer på ulike måter i dei nevnte eksempla, og oppgaven vil vise korleis deira arbeid i dialog Giorgio Agambens idéar om Homo Sacer innbyr til ei nytekning av kunsten som livsrom, i ein samfunnskultur som inviterer sine barn inn i ein velstands- og demokratikultur kor dei i realiteten lever i ein “globalt sett”, livsløgnsbasert unntakstilstand.
I den komplekse veven mellom Ibsens Vildanden frå 1884 og Vinge/Müllers Ibsen-trilogi (Et Dukkehjem / Gengangere / Vildanden), som ruller og går, lanserer Høyland begrepet performative mutantar for å omtale den samfunnskritiske kunsten som gjennom ulike estetiske, dramaturgiske og performative strategiar har presentert kunsten som livsrom i eit kritisk tilhøve til sin aktuelle samfunnskontekst. Teateret blir framheva som estetisk transgressiv og (relasjonelt) “reaksjonært revolusjonær” sone for den samfunnskritiske kunsten i lys av Vinge/Müllers arbeid, med fokus på opplevinga av kunstrommet deira som ei liminal erfaringssone – mellom kunst og liv, og den “fulle natursandhed” av mennesket som performativ-teatralt og relasjonelt betinga livsform. Performative mutantar blir presentert som eit bilete på korleis kunstnaren og kunsten inngår i ein aktiv, kritisk relasjon til eigen samtidskontekst, og seg sjølv som livsrom - ein liminalitetsdramaturgi.