Sammendrag
Denne oppgåva tek for seg den norske bistanden til palestinske flyktningar frå junikrigen i 1967 fram til oslo-avtala i 1993. Fokuset i denne oppgåva er på dei norske løyvingane til FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA). Det var i hovudsak gjennom denne organisasjonen den norske bistanden vart kanalisert før Oslo-avtala. Dei sterke norske banda til Israel prega lenge det norske synet på konflikten i Midtausten, og det det også synet på palestinarane. Sympatiane for Israel varlenge eit hinder for omfattande bistand til palestinske flyktningar. Frå byrjinga av 1970-talet auka dei norske løyvingane dramatisk. Innan midten av 1980-talet hadde Noreg plassert seg som ein av dei største bidragsytarane til UNRWA.
Noreg har sidan 1948 gått frå å være ein ubetydeleg aktør med marginal interesse for palestinarar til å gjere palestinske områder til eit hovudsatsingsfelt innan norsk bistand. Etter Oslo-avtala i 1993 vart palestinske områder ein av dei største mottakarane av norsk bistand. Kva var den norske bistanden frå 1967 til 1993? I tilfelle ei auke, kan dette forklarast gjennom norske haldningsendringar, eller fins snarare andre innfallsvinklar som gir ei betre forklaring?