Sammendrag
Oppgåva tek for seg den tyske debatten om oppretting av eit Zentrum gegen Vertreibungen frå 2002-2005 og organisasjonen BdVs rolle ut frå spørsmålet om organisasjonen har brote med fortida si. Frå opprettinga av stiftinga Zentrum gegenVertreibungen, ei stifting som hadde som mål å få statleg støtte til oppretting av eit museum som skulle tematisera fordrivinga av tyskarane frå Austeuropa i åra etter 1945, har emnet vore eit stridstema i den tyske ålmenta. Debatten knyter at til den tyske erindringskulturen og oppgjeret med den nasjonalsosialistiske fortida. Denne oppgåva analyserer diskursbruk om tyske offer og om protestane frå nabolanda i diskusjonen om Zentrum gegen Vertreibungen. Målet var å vurdera om den måten dei tyske ofra blir omtala på i debatten, er eit uttrykk for at ein integrasjonistisk diskurs om fortida, ein diskurs som er knytt til ein overordna offerkategori som har utgangspunkt først og fremst i den eksistensielle grunnerfaringa som ligg i det å vera offer, eller om fordrivinga no blir kontekstualisert på ein ny og annleis måte, og at debatten heller kan forståast i tråd med at ein er inne i ein ny fase for bearbeiding av fortida.
Debatten slik han føregjekk gav tydeleg uttrykk for ein posisjonsforskyving i Tyskland som har plassert organisasjonen BdV nærare sentrum innanfor den tyske erindringskulturen. Samstundes kontekstualiserer fleire av debattantane fordrivinga på ein ny og annleis måte, som ikkje er i tråd med ein integrasjonistisk diskurs. Dermed stadfestar ikkje diskusjonen at ein integrasjonistisk diskurs har fått ein renessanse. Oppgåva vurderer også organisasjonen BdVs rolle i perioden ut frå spørsmålet i kva grad organisasjonen har brote med fortida si, og konkluderer med at organisasjonens meisterforteljingar om fortida ikkje inneheld nye aspekt i høve til tidlegare, og at organisasjonen har same funksjon overfor nabolanda Polen og Tsjekkia som tidlegare, nemleg som ei negativ kraft.