Abstract
Målet med denne oppgåva er å vise korleis eksemplar frå eit lokalt naturmiljø kan innarbeidast som ein del av geografiundervisninga i den vidaregåande skulen. Oppgåva er i hovudsak avgrensa til den naturgeografiske delen av faget.
Oppgåva blir innleia med ein kort gjennomgang av den nye læreplanen i geografi som vart innført hausten 2006 som ein del av skulereforma Kunnskapsløftet. Vidare blir det diskutert korleis mennesket lærer, kvifor det er viktig å bruke fleire sansar når ein skal danne seg begrep, og kvifor det er gunstig at denne begrepsdanninga skjer nærmiljøet.
Ein sentral del av oppgåva er ein gjennomgang av den naturgeografiske bakgrunnsteorien ekskursjonsleiar bør ha om området før ein legg ut på ekskursjon. Hovudtrekka i landskapsutviklinga i indre Nordfjord blir gjennomgått, både gjennom geologisk- og kvartærgeologisk tid, men òg korleis dagens prosessar påverkar landskapet.
På grunnlaget av dette blir det så utarbeida tre forslag til heildagsekskursjonar. Aktuelle lokalitetar blir beskrive og supplert med konkrete arbeidsoppgåver for elevane. For kvar lokalitet blir det vist til dei aktuelle kompetansemåla i læreplanen.
Det blir til slutt gjort ei teoretisk vurdering av kor godt dei tre ekskursjonane dekker kompetansemåla i læreplanen.
Målet er at oppgåva skal vere til nytte for geografilærarar (og geofaglærarar) både i indre Nordfjord og andre stadar i landet.