Abstract
Plattformar og økosystem revolusjonerar heile industriar ved å skifte dei frå tradisjonelle vertikale verdikjedar til horisontale organisasjonar sentrerte om økosystem med plattformar i kjerna. Energisystemet blir meir automatisert ved at Industrielt Internett av Ting (IIoT)- komponentar introduserast og implementerast. Denne oppgåva undersøker korleis økosystem karakteriserast og korleis dei orkestrerast i det norske energi distribusjonsnettet. Implikasjonane og påverknadene av å introdusere økosystem i distribusjonsnettet vert undersøkt ved å utforske metodane og resultata av eit EU-finansert forskingsprosjekt i Trondheim, Noreg. Forskinga er eit langsgåande kasusstudie, der fleire datakjelder som intervju, deltakande observasjoner og dokumentanalyse nyttast, for å følge orkestreringa av økosystem gjennom prosjektet. Funna vert presentert gjennom å følgje teoretiseringa av økosystemorkesterering, og desse avdekker at introduksjonen av økosystem i distribusjonsnettet endrar rollene aktørane i distribusjonsnettet har, det skapar òg ny funksjonalitet og organisasjonelle metodar. Empirisk bevis indikerar at å kople heterogene elektriske laster til eit økosystem i eit distribusjonsnett krevjar full-automatisert kommunikasjon mellom deltakarane. Eit heilt nytt type økosystem for distribusjonsnettet er avdekka: eit økosystem som kombinerar dei innebygde krava sette av IIoT-einingar, aktørar og lokale marknadar, som eg gjev merkelappen IIoT-innovasjons-markedsøkosystem. Vidare vart det funne at å nytte eit rammeverk for økosystemorkestrering beståande av fleire lag var ein passande framgangsmåte, sjølv om det er situasjonsbestemte utfordringar og nyansar som skil stega i rammeverket frå dei ein tek når ein set i verk eit økosystem for distribusjonsnettet. Implikasjonar av IIoT-innovasjons-markedsøkosystemet er behov for standardiserng og fjerning av regulatoriske hindringar. Meir forsking på forskjellige typar av IIOT-plattformar og -økosystem trengs for å identifisere viktige karakteristikkar og nyansar, spesielt i samband med vidare utvikling av energisystem og distribusjonsnett.