Abstract
I denne oppgåva skal ein sjå på om det er mogleg og interessant å etablere
botnett blant mobiltelefonar der botnettet brukar kommunikasjonstenestene
SMS og MMS i mobiltelefonnettet. Det eksisterar per dags dato ikkje noko
kjend botnett på mobiltelefonane. No som mobiltelefonnettet ikkje lenger
er eit separat nettverk skjerma mot truslar og skadeleg kode frå Internett
skulle ein tru at det raskt kom angrep mot mobiltelefonane og, noko som
viser seg ikkje å vera tilfelle. I oppgåva vert det teke føre seg fleire potensielle
problemstillingar som kan vera årsaker til at botnet på mobiltelefonane ikkje
har komen som forventa sjølv om det er observert teikn som tyder på at nokon
forsøkar seg. SMS og MMS er populære tenester, men desse vart utvikla
mens mobiltelefonane enno var umodne med lite tilgjengeleg funksjonalitet
utover meldingssending og talekommunikasjon. I mellomtida har utvikliga
gått vidare. Kapasiteten til mobiltelefonane har vorte mykje betre og det
har komen mykje forskjellig programvare og tenester til dei. Utvikling av
operativsystem, programvare og tenester til mobiltelefonane vert gjort med
bakgrunn i kva forbrukarane ynskjer. Det er konkurranse om å kapre flest
mogleg kundar. Innimellom slår nyutvikla programvare eller teknologiar til
og vert veldig populære. Widgets er ein slik type programvare som i løpet
av dei siste åra har vorte veldig populær. Utviklinga av botnett ser ut til å
nyttiggjer seg av slike populære tenester og teknologiar. Dette har dei gjort
heilt frå den gongen botnett oppstod på Internett. Vil konseptet Widget
bli den kommande teknologien for å etablere botnett på mobiltelefonane i
staden for dei “gamle“ populære tenestene SMS og MMS?