Abstract
I samband med ny E39 med tilførselsveg mellom Lindland og Mandal (delparsell Greipsland–Ime), har Kulturhistorisk museum gjennomført arkeologisk undersøking av lokaliteten Kanten 2 (id 230292), på Kanten i Lindesnes kommune, i perioden 24. august–12. oktober 2020. Lokaliteten låg i ein dalgang nord for Langåsen og i åkermark inntil ein større åkerholme. Ved registringsundersøkinga vart ID 230292 påvist som eit busetnad-/aktivitetsområde frå yngre steinalder til etterreformatorisk tid. Ved den arkeologiske undersøkinga vart det påvist 60 strukturar fordelt på 15 kokegroper, 36 groper/andre strukturar, deriblant ei avfallsgrop med keramikk, seks stolpehol, samt ardspor. Det vart samla inn funn av 225 steingjenstandar og drygt 221 keramikkskår frå minst fire kar/krukker. I tillegg vart det gjennomført analysar av eit gytjelag. Den mest omfattande aktiviteten på Kanten 2 har føregått i bronsealder og førromersk jernalder (ca. 1430–50 f.Kr.). Denne aktiviteten kan ha samanheng med ein mogleg bygningskonstruksjon og dyrking av åkermarka. I tillegg er det dokumentert eit avgrensa aktivitetsområde tidfesta til mellomneolitikum B (2630–2460 f.Kr.). Utover dette er det samla inn spreidde funn og dokumentert enkelte kulturspor frå seinmellomalder til etterreformatorisk tid.
Prosjektleder: Lucia U. Koxvold.