Abstract
I samband med ny E39 med tilførselsveg mellom Lindland og Mandal (delparsell Greipsland–Ime), har Kulturhistorisk museum gjennomført arkeologisk undersøking av funnstaden Jakobhola (id 170420), på Kanten i Lindesnes kommune, i perioden 4. august–9. september 2020. Funnstaden Jakobhola låg på ei vest-aust orientert grasslette i ein dalgang mellom skogkledde åsar. Ved registreringsundersøkinga vart id 170420 påvist som ein funnstad med funn av tre steinøkser og ein flintgjenstand. Den arkeologiske undersøkinga resulterte i funn av 10 steingjenstandar av flint, i tillegg til funn av brente beinfragment og ein prøve av trekol. Tidlegare rapporterte lausfunn frå staden, tre steingjenstandar av flint og bergart, vart levert inn til prosjektet og det totale funnmaterialet er katalogisert samla. I tillegg vart det påvist ei grop med ukjent funksjon. Etter utgravinga fekk Jakobhola status som ein funnstad med sekundært deponerte steingjenstandar.
Prosjektleder: Lucia U. Koxvold.