Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T08:04:55Z
dc.date.available2013-03-12T08:04:55Z
dc.date.issued2011en_US
dc.date.submitted2011-11-16en_US
dc.identifier.citationDriveklepp, Anne Merete. Tenesteinnovasjon og nye helse- og omsorgtenester. Masteroppgave, University of Oslo, 2011en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/9010
dc.description.abstractInnovasjon blir sett på som eit viktige verkemiddel for å få eit betre og meir effektivt helsevesen. Særleg blir behovet for meir tenesteinnovasjon vektlagt. Dei nasjonale verkemiddela som skal bidra til meir innovasjon ser ut til å passe meir med det tradisjonelle synet på innovasjon, nemleg produktinnovasjon med teknologiutvikling og kommersialisering. Tenesteinnovasjon er noko anna og vi veit for lite om kva det er som fremmar og kjenneteiknar tenesteinnovasjon i helsesektoren. Denne oppgåva er eitt bidrag i å betre forstå dette, ved å studere ein vellukka tenesteinnovasjon i helsesektoren som har hatt mykje å seie for pasientar, brukarar og pårørande. Sunnaas sykehus HF (SunHF) er det største spesialsjukehuset i Norge innan rehabilitering og fysikalsk medisin, og har pasientar med komplekse funksjonstap etter sjukdom og skade. Sjukehuset har pasientar frå heile landet, og for nokre pasientgrupper har sjukehuset eit regionansvar. Det er eit stort behov for langvarig rehabilitering og oppfølging i heimekommuna etter utskriving. Samhandling med det lokale hjelpeapparatet i kommune og NAV er difor viktig. Utfordringa er at denne samhandlinga krev koordinert innsats frå mange aktørar. Pasientane er spredt over eit stort geografisk område, reiseavstandane er ofte lange og mange pasientar har redusert mobilitet og behov for spesialtransport, samt følgje. Det er difor ofte vanskeleg å få aktørane til å møtast. I tillegg er det stor etterspurnad etter meir kompetanseoverføring. SunHF har difor sett på bruk av moderne teknologi for å få til betre kommunikasjon og samhandling. Sidan tidleg på 1990-talet har sjukehuset hatt ei stor telemedisinsatsing med mange utprøvingsprosjekt. I 2010 blei bruk av videokonferanse (VK) i samhandlinga med og rundt pasient, etablert som ei rutineteneste (rutine eller teneste). I tillegg til tradisjonelle fysiske møter med kommunehelsetenesta og andre aktørar i samhandlinga med og rundt pasienten, brukar sjukehuset i dag ofte VK i samarbeidsmøter med lokalt hjelpeapparat og ved polikliniske intervju. Planleggingsmøter før innlegging og under opphald blir ofte gjennomført som VK-møter. Det same gjeld utskrivingsmøter med kommunehelsetenesta og NAV. I tillegg blir VK også brukt ved oppfølgingsmøter etter utskriving. Masteroppgåva er ein kvalitativ studie av ein vellukka tenesteinnovasjon i helse– og omsorgsektoren, og brukar innovasjon - og informasjonsinfrastrukturteoriar til å vise framveksten av denne tenesta. Oppgåva viser karakteristiske trekk ved denne type innovasjonar, og særleg rolla til dei tilsette blir trekt fram.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleTenesteinnovasjon og nye helse- og omsorgtenester : Ein retrospektiv studie av telemedisinsatsinga ved Sunnaas sykehus HFen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2012-05-22en_US
dc.creator.authorDriveklepp, Anne Mereteen_US
dc.subject.nsiVDP::420en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Driveklepp, Anne Merete&rft.title=Tenesteinnovasjon og nye helse- og omsorgtenester&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2011&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-30759en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo142555en_US
dc.contributor.supervisorMargunn Aanestaden_US
dc.identifier.bibsys121591336en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/9010/2/Driveklepp.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata