• English
    • Norsk
  • English 
    • English
    • Norsk
  • Administration
View Item 
  •   Home
  • Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
  • Institutt for informatikk
  • Institutt for informatikk
  • View Item
  •   Home
  • Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
  • Institutt for informatikk
  • Institutt for informatikk
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Tenesteinnovasjon og nye helse- og omsorgtenester : Ein retrospektiv studie av telemedisinsatsinga ved Sunnaas sykehus HF

Driveklepp, Anne Merete
Master thesis
View/Open
Driveklepp.pdf (1.093Mb)
Year
2011
Permanent link
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-30759

Metadata
Show metadata
Appears in the following Collection
  • Institutt for informatikk [3640]
Abstract
Innovasjon blir sett på som eit viktige verkemiddel for å få eit betre og meir effektivt helsevesen. Særleg blir behovet for meir tenesteinnovasjon vektlagt. Dei nasjonale verkemiddela som skal bidra til meir innovasjon ser ut til å passe meir med det tradisjonelle synet på innovasjon, nemleg produktinnovasjon med teknologiutvikling og kommersialisering. Tenesteinnovasjon er noko anna og vi veit for lite om kva det er som fremmar og kjenneteiknar tenesteinnovasjon i helsesektoren. Denne oppgåva er eitt bidrag i å betre forstå dette, ved å studere ein vellukka tenesteinnovasjon i helsesektoren som har hatt mykje å seie for pasientar, brukarar og pårørande.

Sunnaas sykehus HF (SunHF) er det største spesialsjukehuset i Norge innan rehabilitering og fysikalsk medisin, og har pasientar med komplekse funksjonstap etter sjukdom og skade. Sjukehuset har pasientar frå heile landet, og for nokre pasientgrupper har sjukehuset eit regionansvar. Det er eit stort behov for langvarig rehabilitering og oppfølging i heimekommuna etter utskriving. Samhandling med det lokale hjelpeapparatet i kommune og NAV er difor viktig. Utfordringa er at denne samhandlinga krev koordinert innsats frå mange aktørar. Pasientane er spredt over eit stort geografisk område, reiseavstandane er ofte lange og mange pasientar har redusert mobilitet og behov for spesialtransport, samt følgje. Det er difor ofte vanskeleg å få aktørane til å møtast. I tillegg er det stor etterspurnad etter meir kompetanseoverføring. SunHF har difor sett på bruk av moderne teknologi for å få til betre kommunikasjon og samhandling. Sidan tidleg på 1990-talet har sjukehuset hatt ei stor telemedisinsatsing med mange utprøvingsprosjekt. I 2010 blei bruk av videokonferanse (VK) i samhandlinga med og rundt pasient, etablert som ei rutineteneste (rutine eller teneste). I tillegg til tradisjonelle fysiske møter med kommunehelsetenesta og andre aktørar i samhandlinga med og rundt pasienten, brukar sjukehuset i dag ofte VK i samarbeidsmøter med lokalt hjelpeapparat og ved polikliniske intervju. Planleggingsmøter før innlegging og under opphald blir ofte gjennomført som VK-møter. Det same gjeld utskrivingsmøter med kommunehelsetenesta og NAV. I tillegg blir VK også brukt ved oppfølgingsmøter etter utskriving.

Masteroppgåva er ein kvalitativ studie av ein vellukka tenesteinnovasjon i helse– og omsorgsektoren, og brukar innovasjon - og informasjonsinfrastrukturteoriar til å vise framveksten av denne tenesta. Oppgåva viser karakteristiske trekk ved denne type innovasjonar, og særleg rolla til dei tilsette blir trekt fram.
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy
 

 

For students / employeesSubmit master thesisAccess to restricted material

Browse

All of DUOCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitles

For library staff

Login
RSS Feeds
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy