Abstract
Barn og unge vert oftare no enn tidlegare invitert med i kunst- og kulturutrykk mynta på dei. Både i sjølve kunsten og i formidlinga av han, har publikum- og mottakarrolla til den yngre målgruppa vorte forskuva – frå passiv tilskodar til aktiv deltakar. I denne masteroppgåva fokuserer eg på dialogbasert formidling og undersøkjer korleis Tranby ungdomsskule legg opp til dialog mellom elevane sine og forfattaren i sine forfattartreff. Eg har studert videoopptak av eit utval forfattartreff frå perioden 2005–2018, samt for- og etterarbeidet elevene har gjort i samband med treffa. Videomaterialet er henta frå Tranby sitt private arkiv. Målet med oppgåva er å diskutere korleis ein kan nytte seg av dialogomgrepet på ein konstruktiv måte. Eg har nytta meg av videoobservasjon som metode, og med eit tverrfagleg teoretisk utgangspunk, med særleg tyngde i kommunikasjonsteori og performativ teori har eg analysert korleis skulen og forfattarane legg opp til elevdeltaking og dialog. Dei sju forfattarane i utvalet er Ove Røsbak, Steinar Opstad, Stein Erik Lunde, Gro Dahle, Toril Brekke, Mona Høvring og Tove Nilsen. På bakgrunn av kvalitativ analyse av observasjonsnotat, er eit av hovudfunna at forfattartreffa på Tranby ungdomsskule skil seg frå nasjonale ordningar som DKS ved at elevane kjenner tydeleg eigarskap til treffa. Utifrå analysen ser ein at dette kan kome av skulen sin evne til å føre ein overordna dialog i treffa sine, samt dekkje eit av elevar sine behov for å engasjere seg, nemleg subjektiv relevans.