Abstract
Formål: Artikkel: Formålet med studien var å samanlikne oppstart av behandling for hepatitt C virus (HCV) hos injiserande rusbrukarar i to grupper: 1) pasientar testa for antistoff før testing for kronisk HCV og 2) pasientar testa for kronisk HCV utan føregåande antistofftest. Refleksjonsoppgåva utforskar etiske aspekt ved å tilby betaling til injiserande rusbrukarar for deltaking i forsking på og behandling av HCV. Bakgrunn: I land med høg inntekt oppstår dei fleste nye tilfelle av HCV-smitte blant injiserande rusbrukarar. Ein stor andel av antistoffpositive pasientar har ingen aktiv infeksjon. Nye behandlingsmodellar er nødvendig for at fleire skal få HCV-behandling. «Point of care» (POC)-testing kan auke testaktivitet og behandling, og ein måte å nå pasiantane på er gjennom lågterskeltiltak. Å tilby betaling for deltaking i forsking og behandling kan føre til at fleire får HCV-behandling, men det kan også utsetje forskingsdeltakaren for utilbørleg påverknad. Metode: Artikkel: prospektiv, ikkje-randomisert kontrollert studie utført i eit mobilt, lågterskel helsetiltak (Sykepleie på hjul) i Oslo som samanliknar oppstart av behandling mellom to påfølgande periodar. Refleksjonsoppåve: Analyse av etiske aspekt ved betaling for forskingsdeltaking og behandling med bruk av Senter for medisinsk etikk sin etiske refleksjonsmodell. Resultat: I periode A starta 3/48 (6,3 %) opp behandling mot 7/50 (14 %) i periode B (p=0.318). Vurdering av lovverk, sårbare grupper, autonomi, integritet og avhengigheit i tillegg til nøye vurdering av handlingalternativ er nøkkelen til å sikre etisk forsvarleg praksis. Konklusjon: Vi såg ein trend til at fleire pasientar starta behandling når testing for kronisk HCV utan føregåande antistofftest blei tilbudt. I eit mobilt lågterskel helsetiltak for injiserande rusbrukarar er fråfall etter antistofftesting vanleg sjølv når umiddelbar POC-testing for kronisk HCV er tilgjengeleg. Å betale injiserande rusbrukarar for forskingsdeltaking og behandling for HCV er etisk forsvarleg.