Sammendrag
Kunsthistorikar Rosalind Krauss omtala rutenettet, eller «the grid», som emblemet til den moderne kunsten. Med utgangspunkt i Krauss sin teori kring rutenettet, forsøker denne avhandlinga å utforske rutenettet som form i moderne abstrakt kunst med utgangspunkt i verk av Ad Reinhardt og Agnes Martin. Gjennom ein estetisk teoretisk tilnærming vert det lagt til rette for å forsøke å syne på kva måte desse kunstnarane på ulike vis tolkar rutenettet visuelt og korleis desse tolkingane vidare legg grunnlag for ulike uttrykk av nærver og fråver i verka. I avhandlinga vert det føreteke ein gjennomgong av kunstnaranes teoretiske og kunstnariske utgangspunkt. I denne utgreiinga førekjem det også ein gjennomgong av deira eigne teoretiske tekstar kring sin eigen kunst. Dette med utgangspunkt for å diskutere forholdet mellom verk og kunstnaranes eigne intensjonar og teoretiseringar. Ad Reinhardt og Agnes Martin byrja begge å produsere abstrakte rutenett i 1960. I perioda 1960 - 67 produserte Reinhardt utelukkande svarte abstrakte verk på kvadratiske lerret i lik størrelse. Verka framstår ved fyrste augekast som svarte monokrome lerret, men viser seg etter nøyare observasjon å vere eit optisk nett av ruter som er mala i ulike nyansar av nesten svart. Blant desse verka er Black Painting, som denne avhandlinga vil ta for seg. I Agnes Martin sine verk frå same tid møter vi derimot tydelege og nøysommelig skisserte nett av små rektangulære ruter som stabler seg oppå kvarandre. Denne avhandlinga fokuserer på verket Friendship frå 1963 som viser oss eit intrikat rutenett belagt av gullblad. Begge kunstnarane arbeidde med andre ord med denne samme forma som utgangspunkt for sine verk i samme periode i New York. Deira tolkingar av rutenettet skil seg derimot tydleg frå kvarandre og det er to svært ulike visuelle verk som møter tilskodaren. Desse visuelle skilnadane fordrar også til uttrykksmessige skilnader. Ved hjelp av teoriar av Rosalind Krauss og Gottfried Boehm vert det føreteke det ein samanliknande analyse av Friendship og Black Painting med fokus på dei visuelle kvalitetane. Vidare vert det nytta teoriar av Roland Barthes og Virignia Woolf i ein diskusjon der kunstnaranes intensjon og kunstneriskse praksis vert drøfta og tolka. Tesen er at ein som tilskodar kan få tilgong til ei anna tilnærming til verket som vidare kan berike den estetiske erfaringa og tolkinga, ved å kople kunstnarane si visuelle tolkingar saman med deira teoretiske utlegg og intensjon.