• English
    • Norsk
  • English 
    • English
    • Norsk
  • Administration
View Item 
  •   Home
  • Det utdanningsvitenskapelige fakultet
  • Institutt for pedagogikk
  • Institutt for pedagogikk
  • View Item
  •   Home
  • Det utdanningsvitenskapelige fakultet
  • Institutt for pedagogikk
  • Institutt for pedagogikk
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Ungdom og depresjon: Lærarar si oppleving av tilpassing av opplæringa for elevar med depressive symptom - ein kvalitativ studie

Aarum, Trine Rysjedal
Master thesis
View/Open
Masteroppg-ve-Ungdom-og-depresjon.pdf (933.0Kb)
Year
2019
Permanent link
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-73334

Metadata
Show metadata
Appears in the following Collection
  • Institutt for pedagogikk [1934]
Abstract
Bakgrunn: Utviklinga dei siste åra viser ein tendens der førekomsten av psykiske vanskar hos ungdom, deriblant depressive symptom, er aukande. Psykiske lidingar, deriblant depresjon, kan på sikt få alvorlege følgjer når det gjeld skulefunksjon. I tillegg ser læringsmiljøet til elevane ut til å spele ei rolle i arbeidet med psykisk helse i skulen. Derfor har det vore ønskeleg å undersøke samanhengar mellom skulen og depresjon hos ungdom. «Mestringskurs for ungdom (DU)», er eit tilbod til ungdom med mild til moderat depresjon i alderen 14-20 år. I denne oppgåva er det blitt intervjua lærarar som har eller har hatt elevar som har deltatt på kurset. Problemstillinga i oppgåva var: Kva for forståing og erfaring har lærarar, som har eller har hatt elevar som har deltatt på «Mestringskurs for ungdom (DU)», med tilpassing av opplæringa for elevar med depressive symptom? Tilknytingsteori, transaksjonsmodellen og eit sjølvbestemmingsteoretisk perspektiv er brukt som teoretisk ramme for oppgåva. Metode: Det blei brukt ein kvalitativ metode med fenomenologisk tilnærming. Fem lærarar i vidaregåande skule blei intervjua med semi-strukturerte intervju. Datamaterialet blei analysert ved hjelp av tematisk analyse. Hovudfunn: Lærarane i utvalet hadde noko varierande kunnskap om depresjon og tilpassa opplæring. Dei fleste erfaringane deira rundt tilpassing av opplæringa for elevar med depresjon var knytt til lærar-elev-relasjonen. Ein god relasjon til eleven gjev godt grunnlag for tilpassing. Andre viktige faktorar var openheit og medverknad. I tillegg fortalte lærarane om svært varierande forståing for både depresjon og tilpassa opplæring blant kollegaene. Dei nemnte også at skulane dei jobba på ikkje hadde felles rutinar og retningslinjer for arbeidet med tilpassa opplæring, heller ikkje for arbeid med kunnskap om psykisk helse.
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy
 

 

For students / employeesSubmit master thesisAccess to restricted material

Browse

All of DUOCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitles

For library staff

Login
RSS Feeds
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy