Hide metadata

dc.contributor.authorBakka, Anna Lillehammer
dc.date.accessioned2019-08-22T23:46:17Z
dc.date.available2020-05-15T22:46:33Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.citationBakka, Anna Lillehammer. Regionale skilnadar i totalkolesterol, kroppsmasseindeks og måling av risikofaktorar. Resultat frå nasjonal studie i apotek.. Master thesis, University of Oslo, 2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/69458
dc.description.abstractBakgrunn: Hjarte og karsjukdom (HKS) er ei dominerande årsak til død og helsetapsjusterte livsår og ei byrde for helsevesenet og samfunnsøkonomien i Noreg i dag. Høge nivå av blodkolesterol (BK), blodsukker (BS), blodtrykk (BT) og kroppsmasseindeks (KMI) er viktige risikofaktorar for HKS. Dei tre førstnemnde er vanlegvis symptomfrie og krev fysisk måling for å oppdage risiko. Måling av totalkolesterol (TK) er ein enkel og kostnadseffektiv måte å måle mengd BK. Oversikt over helsetilstanden i befolkninga er naudsynt for å kunne betre folkehelsa, men majoriteten av norske fylke utfører ikkje screening for desse risikofaktorane i dag. Landsdekkjande data frå 1990-talet synte skilnadar i både TK og KMI mellom regionar. Mangel på oppdaterte nasjonale data gjer biletet på TK og KMI på regionsnivå i dag uklart. Målsetting: Å undersøke om det er skilnad i TK, KMI og tidlegare måling av TK, BS og BT mellom fem regionar i Noreg. Sosial ulikskap og andre faktorar vert også kartlagd. Metode: To landsdekkjande tverrsnittstudiar på kardiovaskulære risikofaktorar vart utført i apotek i Noreg i 2012 og 2014. Data på måling av TK og sjølvrapportering av alder, kjønn, vekt, høgd, geografisk tilhøyrsle, tidlegare måling av risikofaktorar, røyk, fysisk aktivitet og sosial ulikskap frå N=21 090 vert nytta i statistiske analysar og framstillingar. Resultat: Våre data viste signifikant høgare gjennomsnittleg konsentrasjon av TK justert for alder og kjønn i Nord-Noreg (n=1 001) med TK 5,70 mmol/L ± 1,00 SD samanlikna med både Austlandet (n=12 609) med TK 5,56 mmol/L ± 1,00 SD (p<0,001), Vestlandet (n=3 264) med TK 5,59 mmol/L ± 1,00 SD (p=0,025), og Trøndelag (n=3 014) med TK 5,59 mmol/L ± 1,00 SD (p=0,023). Det var signifikant skilnad i gjennomsnittleg KMI justert for alder og kjønn mellom Nord-Noreg med 25,9 kg/m2 ± 3,9 SD og Austlandet med 25,3 kg/m2 ± 3,9 SD (p=0,001). Alle p-verdiar vart korrigert for multippel testing. Det var signifikant lågare og høgare odds for tidlegare måling av følgjeleg TK (OR 0,68, 95% KI: 0,62, 0,75) og BT (OR 1,26, 95% KI: 1,04, 1,52) i Trøndelag enn på Austlandet etter justering for alder og kjønn. Konklusjon: Denne tverrsnittstudien viser TK og KMI over optimale nivå i alle regionar i Noreg og indikasjonar på skilnad mellom regionane. Det kan sjå ut som at både TK og KMI er noko høgare i Nord-Noreg samanlikna med andre regionar, og at det er meir sannsynleg at TK er målt på Austlandet enn i Trøndelag, men vidare forsking krevjast for å verifisere desse resultata.nno
dc.language.isonno
dc.subjectutdanning
dc.subjectsivilstatus
dc.subjectlandsdel
dc.subjectfylke
dc.subjectregional
dc.subjectkolesterol
dc.subjectetnisitet
dc.subjectkroppsmasseindeks
dc.subjecttotalkolesterol
dc.subjectfolkehelse
dc.subjectfylkesvis
dc.subjectsosial ulikskap
dc.subjectsosial ulikhet
dc.subjectblodtrykk
dc.subjectapotek
dc.subjectBMI
dc.subjectblodsukker
dc.subjectepidemiologi
dc.subjectinntekt
dc.subjectKMI
dc.subjectNoreg
dc.subjecthjerte- og karsykdom
dc.subjectrøyk
dc.subjectNorge
dc.subjectfysisk aktivitet
dc.subjectrisikofaktor
dc.subjecthjarte- og karsjukdom
dc.subjectregion
dc.titleRegionale skilnadar i totalkolesterol, kroppsmasseindeks og måling av risikofaktorar. Resultat frå nasjonal studie i apotek.nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-08-22T23:46:17Z
dc.creator.authorBakka, Anna Lillehammer
dc.identifier.urnURN:NBN:no-72586
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/69458/8/ANNA_LILLEHAMMER_BAKKA.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata