• English
    • Norsk
  • English 
    • English
    • Norsk
  • Administration
View Item 
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet
  • Institutt for kulturstudier og orientalske språk
  • Museologi
  • View Item
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet
  • Institutt for kulturstudier og orientalske språk
  • Museologi
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Trolltunga city - ein analyse av Odda - ein mangesidig turiststad

Valen, Kristian
Master thesis
View/Open
Kristian_Valen_ ... lltunga_city_FULLFARGE.pdf (1.670Mb)
Year
2018
Permanent link
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-66864

Metadata
Show metadata
Appears in the following Collection
  • Museologi [107]
Abstract
Denne oppgåva tek føre seg å vise korleis Odda i Hardanger blir presentert til norske og internasjonale turistar. Eg går diskursivt til verks for å finne ut kva Odda som blir presentert. Spesielt går eg inn på omgrepa natur, kultur og industri og ser på korleis desse er i samspel i Odda. Odda er ein stad som er definert av dei høge fjella som ligg rundt, samt fjorden som ligg i botn av dalen. Sentrum er prega av industrireisinga på 1900-talet. Det er fleire store fabrikkar og vasskraftverk i Odda og Tyssedal. Nokre av desse er framleis i drift, medan andre er ute av drift og verna som kulturarv. Odda er ein turiststad som definerast av Trolltunga, «utspringet som kjemper mot naturkreftene», ei steintunge som ligg over Ringedalsvantet, opp frå Tyssedal. Det er ein av Noregs største turistattraksjonar, med 100 000 besøkande i 2017. Eg synar korleis Trolltunga er blitt ein så stor attraksjon, og drøfter kvifor det har blitt slik. Eg meiner at Trolltunga er «skapt» gjennom ein effektiv marknadsføringskampanje, samtidig som Odda er eit barn av moderne sosiale medium. På Instagram, Facebook og Tripadvisor spreiast «Trolltungabilete», som i stor grad er like i form og motiv, og når ut til alle verdshjørne. Dette på ein mindre profesjonell måte enn via tradisjonelle kanalar. Trolltunga er eit reisemål som ser meir spektakulært ut på bilete enn når ein står ytst på Tunga. Turisten møter Odda i fleire kanalar, og eg ser på fleire av dei, både korleis staden blir presentert lokalt, men og korleis staden blir presentert på internett og brosjyrar. Hovudfokus har vore på turistbransjen, som inkluderer både museum, kommunen og ulike turistfirma. Eg synar korleis Odda er forma av den enorme populariteten til Trolltunga, og korleis den saman med industri, kultur og andre naturreisemål formar ein mangesidig turiststad.
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy
 

 

For students / employeesSubmit master thesisAccess to restricted material

Browse

All of DUOCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitles

For library staff

Login
RSS Feeds
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy