Abstract
Ved å ta utgangspunkt i den norske satsinga på torskeoppdrett frå starten av 2000-talet har eg studert korleis natur vert inkludert i politikk og styringspraksisar. Eg har undersøkt korleis torskeoppdrettssaka vart forma gjennom den politiske prosessen knytt til regelverksendringane for torskeoppdrett i 2009 og kva rolle areal som forvaltningsgrep spelte i denne saka. Vidare har eg undersøkt korleis gyteområde vart inkludert og diskutert som forvaltningsobjekt i denne samanhengen. Eg har gjennomført ein analyse av ei rekke politiske dokument og avisoppslag publiserte mellom år 2001 og 2009, med hovudvekt på ei høyringsrunde frå hausten 2009 der det vart fremja fleire forskriftsendringar som ville få følgjer for torskeoppdrett. I denne oppgåva er dokumenta er sentrale både frå eit metodisk og eit analytisk perspektiv. I det teoretiske råmeverket tek eg utgangspunkt arbeid med natur og politikk innanfor fagtradisjonen Science and technology studies (STS). Eg nyttar mellom anna Kristin Asdal sitt arbeid med desse temaa, samt Bjørn Hersoug og Jahn Petter Johnsen sitt arbeid med kystsoneforvaltning. Analysen min viser at det gjennom den politiske prosessen knytt til regelverksendringane vart formidla ei regjerleg sak som handla om å redusere risikoen for at oppdrettstorsk fekk innverknad på villtorsken sin genetikk. Blant tiltaka var geografiske avgrensingar av kvar det skulle vere mogeleg å få konsesjon til torskeoppdrett. Men fokuset på genetikk var todelt. Samtidig som saka i stor grad dreia seg om å verne villtorsken sitt genmateriale, valde myndigheitene å ikkje diskutere premissane som var lagt for det norske avlsprogrammet. Såleis vart saka forma også av dei elementa som vart ekskluderte frå den. Gjennom høyringsrunda vart saka opna opp og vist som meir kompleks enn det dei politiske dokument tilsa. For at naturen skal få rom i politikken må den først stykkast opp og operasjonaliserast. Analysen min viser at gyteområde vart presentert i høyringsbrevet frå Fiskeri- og kystdepartementet som eit naturobjekt det var mogeleg å kartlegge og avgrense, og vidare å inkludere i ein forvaltningssamanheng. Men i høyringsrunda vart gyteområde som forvaltningsobjekt utfordra. I høyringssvara vart gyteområde diskutert som eit organisk objekt med utflytande grenser og varierande eigenskapar som ikkje utan vidare kunne innpassast i ein forvaltningssamanheng. Saka var såleis ikkje så regjerleg som departementet si framstilling tilsa.