Hide metadata

dc.contributor.authorLauen, Torbjørn Bergwitz
dc.date.accessioned2018-08-17T22:00:25Z
dc.date.available2018-08-17T22:00:25Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.citationLauen, Torbjørn Bergwitz. Å lære å meine, og meine det høgt. Dei frilyndte ungdomslaga i Norden og deira rolle som opplæringsarenaer i offentleg deltaking ca. 1870–1920. Master thesis, University of Oslo, 2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/63077
dc.description.abstractDenne masteroppgåva har teke føre seg utviklinga av dei frilyndte ungdomslaga frå dei første initiativa midt på 1800-talet og fram til ca. 1920. Målet med oppgåva har vore å påvise korleis ungdomslaga dreiv opplæring i offentleg deltaking i den ovannemnte perioden, om ungdomslaga danna eigne leiroffentlegheiter, og om ein kan tale om ein felles frilyndt ungdomsrørsle i Norden. Ungdomslaga dreiv opplæring i offentleg deltaking på fleire måtar. Hovudverktyet var det arbeidet som føregjekk lokalt i ungdomslaga. Gjennom føredrag, ordskifte, boksamlingar og handskrivne blad fekk medlemane opplæring og trening i å meine, og meine det høgt. Dei lærte å formulere meiningane sine på ei forståeleg måte, å stå i debatt, korleis ein snakkar til store forsamlingar, og korleis skrive dei same meiningane ned på papiret for å kunne delta i det offentlege ordskiftet i den trykte pressa. Utover 1890-talet byrja ungdomslaga bygge seg eigne hus, skipe til stemne, og få sine eigne aviser og blad. Slik utvida dei den vesle offentlegheita i lokallaget til ein større underoffentlegheit som dekka større geografiske område. Dei fekk på plass ein infrastruktur for rørsla sjølv, og sivilsamfunnet generelt, gjennom husa dei bygde. Til saman danna desse tiltaka eit grunnlag for å arbeide for danninga av ein eigen leiroffentlegheit. Det var stor variasjon landa mellom i korleis ein tok i bruk dei ulike verkemidla, og kor utbreidde dei vart. Det er likevel såpass stor likskap landa imellom at det er naturleg å tale om ein felles nordisk ungdomsrørsle, sjølv om den ikkje hadde nokon fast overnasjonal organisasjon.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleÅ lære å meine, og meine det høgt. Dei frilyndte ungdomslaga i Norden og deira rolle som opplæringsarenaer i offentleg deltaking ca. 1870–1920nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2018-08-17T22:00:25Z
dc.creator.authorLauen, Torbjørn Bergwitz
dc.identifier.urnURN:NBN:no-65678
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/63077/1/A--l-re-a--meine-og-meine-det-h-gt---masteroppga-va-a-t-Torbj-rn-2018.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata