Abstract
Avhandlinga undersøker i kva grad Filmavisa (Norsk Filmrevy) bidrog til å legitimere det re-etablerte demokratiet i dei fyrste etterkrigsåra. I frå premieren 21. mai 1945 og i dei komande årgangane gav Filmavisa si framstilling av rettsoppgjeret, minneproduksjonen etter krigen og den fysiske og moralske gjenreisinga av landet.
I Fellesprogrammet blei det uttrykt eit sterkt ønskje om å gjenskape tilliten til statsmakta etter fem års diktatur, og den såkalla «Opplysningskomiteen for gjenreising» gav Filmavisa i oppdrag å skape entusiasme og spreie informasjon kring gjenreisingsarbeidet. Her fekk Filmavisa spele ei sentral rolle, kor ho gjennom kombinasjonen av lyd og bilde «oversatte» kompliserte samfunnsspørsmål til eit breidt publikum.
I analysen er det teke utgangspunkt i såkalla framingteori der det blir lagt vekt på at saker blir framstilt innanfor visse tolkingssrammer, og at publikum kan ha ein tendens til å tolke desse sakene innanfor slike tolkingsrammer. Desse tolkingsrammene er med andre ord leidetrådane i teksten som bidreg til å skape ei forståinga av hendingar og som ordnar inntrykka våre slik at verda framstår som forståeleg. Slike tolkingsrammer bidrar til å 1) definere og avgrense problemet, 2) identifisere årsaka til problemet, 3) gje grunnlag for moralske vurderingar, og 4) antyde løysingar og tiltak.
Ein hovudkonklusjon er at Filmavisa legitimerte det re-etablerte demokratiets gjenreisingspolitikk ved å sette det innanfor ei einsretta tolkingsramme kor både rettsoppgjeret og den fysiske gjernreinga blei framstilt som fornuftig og rettvis. Dette blei understøtta ved at minna etter krigen blei satt i ei tolkingsramme kor nordmenn hadde ei moralsk plikt til å gjenreise landet, og for alltid minnast dei som gav livet sitt for fedrelandet.