• English
    • Norsk
  • English 
    • English
    • Norsk
  • Administration
View Item 
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet
  • Institutt for lingvistiske og nordiske studier
  • Nordisk litteratur
  • View Item
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet
  • Institutt for lingvistiske og nordiske studier
  • Nordisk litteratur
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Ut og fri: Kjærleiken og den rette i mellomalderballaden "Friarferda til Gjøtland"

Folkedal, Maria
Master thesis
View/Open
FerdigMasteroppga-ve.pdf (23.73Mb)
Year
2017
Permanent link
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-60068

Metadata
Show metadata
Appears in the following Collection
  • Nordisk litteratur [342]
Abstract
Oppgåva gjev ein filologisk og litterær analyse av mellomalderballaden ”Friarferda til Gjøtland” frå ei balladeoppskrift frå Sunnmøre, frå kring 1612. Balladeoppskrifta ligg i Norsk Folkeminnesamling i samlinga etter Sophus Bugge, og dette prosjektet løftar slik fram litt av arven etter han. Oppskrifta er ei av dei eldste me har bevart i Noreg, og er den einaste av balladetypen. Ho er òg truleg avskrift av ei eldre oppskrift med gamal, norsk språkform. Slik er ein sentral del av oppgåva vigd til ordtilfanget og tolking av strofene i manuskriptet, medan den andre hovuddelen omhandlar ein analyse av handlinga knytt til mellomalderleg kjærleiksdiskurs og førestillingar om den rette. I oppgåva etablerer eg balladeteksten på grunnlag av min eigen transkripsjon av manuskriptet, og gjev språklege kommentarar til denne. Vidare forsøkjer eg å kaste ljos over den kristen-høviske kjærleiksforståinga balladen tek opp, og kva funksjon kjærleiken har i handlinga. I analysen nyttar eg strukturalistisk teori, mellom anna aktantmodellen til A.J. Greimas, ved sida av folkloristisk teori, balladeteori, og samanlikning med norrøn dikting og andre balladar. I balladen er den kjenslestyrte kjærleiken knytt til det gode, og til lagnaden, og forelskinga får ein magisk funksjon i handlinga. Når to er rette for kvarandre er ingenting umogleg, og alle gode krefter verkar saman for å la forelskinga oppfyllast. Innhaldet og forma til balladen peiker på same tid framover og bakover i litteraturhistoria. Den kristen-høviske kjærleiksdiskursen, og biletet som vert teikna av det å vera rette for kvarandre, viser ei tydeleg line fram til vår tids førestillingar om den rette, og den romantiske kjærleiken, medan forma, ordtilfanget og motiva i balladen peiker bakover mot norrøn tid. Sentralt i analysen står òg ei samanlikning med balladen ”Ungan Svegder” (TSB A45) som "Friarferda til Gjøtland" kan sjå ut til å vera ein parallell til. Eg avsluttar med å inkludere mi eiga musikalske tolking av balladen på CD bakerst i oppgåva, fordi eg meiner ein mistar ei sentral side ved balladesjangeren som litteratur om me gløymer den lydlege sida. Balladane er både tekst og melodi, og det er det viktig at forskinga òg vitnar om.
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy
 

 

For students / employeesSubmit master thesisAccess to restricted material

Browse

All of DUOCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitles

For library staff

Login
RSS Feeds
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy