Abstract
I samband med reguleringsplan for turistsenter Moen – Hovet vart det registrert seks kolgroper innanfor reguleringsområdet. I samband med utgravinga av desse vart det registrert åtte nye groper. Sidan det ikkje er registrert jernvinneanlegg i området reknar ein med at kolet er brukt i smieverksemd. Åtte groper vart undersøkt med prøvestikk, og fire av desse datert. Analysene av trekolet viste at alle var av furu. S1 vart datert til 1520-1660 e.Kr., det vil seie seinmiddelalder / etterreformatorisk. S2 er datert 1040-1210 e.Kr., tidleg middelalder. S6 er datert til 1300-1420 e.Kr., høg- / sein-middelalder og S12 til til 1260-1300 e.Kr., høgmiddelalder. Dateringane vitnar om at området har vore i bruk til kolbrenning i lang tid. Lausfunn av jernreiskapar i nærområdet vitnar om at produksjonen av kol kanskje kan førast tilbake til vikingtid, sjølv om ingen av dei daterte gropene er så gamle. Området vest for Hovet sentrum har ei mengde kolgroper, registrerte og uregistrerte. Gropene ligg med få meter mellom seg, og det er tydeleg at det har vore stor aktivitet i området i fortida. Store mengder kol må ha blitt produsert her. Innanfor reguleringsområdet er det til nå registrert 14 kolgroper, men vi kan ikkje utelukke at det er fleire. Området er vanskeleg å få oversikt over på grunn av ulendt terreng med store steinar, og enkelte av gropene må ein gå rett på for å oppdage. Eg vil tru at området mellom Moen og Hovet må ha minst hundre kolgroper, kanskje enda fleire.
Prosjektleder: Lil Gustafson.