Abstract
I samband med ein reguleringsplan for Jonstøllie Øst vart det undersøkt fem kolgroper, to ved hjelp av maskin og tre med prøvestikk. Dei som vart undersøkt med maskin hadde begge rundt botnplan. Dette tyder på at vi kan knytte gropene til den vestnorske tradisjonen. Minst ei av gropene hadde to bruksfaser. Slagget ved jernvinneanlegget i nærleiken er skildra som renneslagg, denne typen har ei datering til yngre jernalder / middelalder. Ein reknar med at kolgropene har blitt brukt i samband med produksjon av jern. Fem kolprøver frå fire kolgroper vart datert, dateringane viste eit spenn frå 890 til 1450 e.Kr., frå vikingtid til seinmiddelalder. Trekolet var hovudsakleg bjørk, men den eldste fasen av kolgrop S5 var furu. Det var også denne prøva som hadde den eldste dateringa 890-980 e.Kr., det vil seie vikingtid. Dateringane vitnar om at området har blitt brukt til kolproduksjon over lang tid.
Prosjektleder: Lil Gustafson.