Abstract
I samband med forslag til reguleringsplan for utbygging av bustader på Golbergremmen registrerte Buskerud fylkeskommune området i 2001, og det vart funne 3 kolgroper. Det er registrert mange kolgroper i Gol kommune, men få har blitt undersøkt arkeologisk. Alle dei tre kolgropene viste seg å ha rundt botnplan. Kolprøvene var hovudsakleg av furu. Tre prøver vart sende til 14C-datering. R1 vart datert til 1450-1630 e.Kr., R2 til 1300-1410 e.Kr., og R3 1260-1280 e.Kr., det vil seie at gropene er frå høg- og seinmiddelalder. Det er ikkje opplyst om slaggfunn i umiddelbar nærleik av kolgropene, så det er mogeleg dei har samanheng med produksjon av smiekol. Fleire groper har blitt borte i nyare tid. På grunn av store endringar i landskapet dei siste åra kan vi ikkje få oversikt over omfanget av kolproduksjonen, men dateringane viser at det er fleire hundreårs tradisjon for produksjon av kol.
Prosjektleder: Lil Gustafson.