Abstract
I perioden 15.08.05 – 16.09.05 vart ein jarnframstillingsplass med tre kolgroper undersøkt i Gudbrandslie, Vang kommune. Undersøkingane viste at anlegget var godt bevart, og hadde hatt fleire bruksfasar. To tufter blei påvist. Tuft A har truleg hatt to rom, med ein boligdel med eldstad i aust og eit belgrom i vest. Tuft B har truleg vore ein enkel gapahuk, brukt til å beskytte belgen på ein av omnane. Til saman blei det påvist fem omnar. To av desse var knytt til tuftene. Omnane var av forskjellige typar, som kan knyttast til materiale frå både Møsstrond og Dokkfløy. Tre kolgroper vart undersøkt. Ei av desse hadde rund milebotn, medan dei to andre var rektangulære/ovale. Ut over dette vart fleire andre strukturar knytt til jarnproduksjonen påvist og undersøkt, mellom anna røsteplassar, malmlager, kollager og slagghaugar. Dateringane strakk seg frå 700-talet e.kr. til 1200-talet e.kr. Desse, kombinert med stratigrafiske forhald, gjer at anlegget er tolka til å ha hatt fire fasar. Om desse fasane overlappar, og anlegget følgeleg har vore i kontinuerleg drift heile perioden, er vanskeleg å seie. Det kan også vere brot mellom fleire av fasane. Mest aktivitet på anlegget har det truleg vore på 900- og 1000-talet e.kr.
Prosjektleder: Jan Henning Larsen.