Abstract
Med utgangspunkt i NVEs 59 registrerte sørpeskred i Noreg i perioden 2010 til 2016 er denne masteroppgåva eit terskelstudie med formål å avdekke tersklar for regional varsling av sørpeskred. Oppgåva har teke føre seg NVEs sørpeskredregister som inneheld sørpeskred frå 58 lokalitetar. Døgn mellom 1.januar 2010 og 14. februar 2016 ved kvar lokalitet med snødekke og middeltemperatur over 0 °C er teke med i analysen. Døgnbasert informasjon om 11 hydrometeorologiske variablar er henta frå xGeo.no, og 10 nye hydrometeorologiske variablar er estimert. Døgninformasjon frå dei 58 lokalitetane er sett saman til eitt stort datasett. Dette datasettet er vidare delt opp i fire mindre datasett for å representere sørpeskred ved godvêr, regnvêr, Nord-Noreg og Sør-Noreg. Datasetta er analysert med maskinlæring av typen klassifikasjonstre for å finne hydrometeorologiske forskjellar mellom skreddøgn og ikkje-skreddøgn. Forskjellen vert presentert som tersklar, og er korte rekkjer av kriterium mellom dei 21 hydrometeorologiske variablane. Tersklane består av kriterium som styrer kritiske forhold i snødekket som aukar vassakkumulasjonen og hindrar effektiv drenering. Dei viktigaste kriteria er funne å vere snøsmelting, regn, teledjupne, nysnø siste seks døgn, snøvassekvivalens, vassmettingsgrad i bakken, og akkumulasjon av snøsmelting og regn siste tre døgn. Det er til saman funne 12 tersklar, der sju er retta mot godvêrsørpeskred og fem mot regnvêrsørpeskred. Forskjellen mellom Nord-Noreg og Sør-Noreg reflekterer truleg skeivfordelinga av godvêrsørpeskred og regnvêrsørpeskred mellom landsdelane i perioden 2010 til 2016. Det viktigaste terskelkriteriet i tersklane for godvêrsørpeskred er snøsmelting per døgn mellom 23 mm og 27 mm. For regnvêrsørpeskred er det viktigaste terskelkriteriet regn og snøsmelting per døgn på 109 mm. Validering viser at tersklane kan predikere korrekt opp mot kvart femte utløyste sørpeskred, og av alle sørpeskred som blir predikert, kan inntil to av tre vere korrekte. Dette er ikkje stor forklaringsprosent, men er likevel eit viktig bidrag til eksisterande tersklar anbefalt frå tidlegare studiar. Resulterande tersklar viser andre terskelverdiar enn tersklane som dagens varsling av sørpeskred ved NVE går ut frå. På grunn av dei resulterande tersklane sin låge forklaringsprosent, bør dei berre brukast som eit grunnlag og støtte for varsling av regional sørpeskredfare. Vidare arbeid for å avdekke tersklar med høgare forklaringsprosent, kan i stor grad vere utbetringar i datagrunnlaget som å oppspore og registrere ein større del av sørpeskreda som er utløyst, utvikle snøsmeltingsvariabel med mindre underestimering og inkludere døgninformasjon om snøstruktur.