• English
    • Norsk
  • English 
    • English
    • Norsk
  • Administration
View Item 
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet
  • Institutt for lingvistiske og nordiske studier
  • Nordisk litteratur
  • View Item
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet
  • Institutt for lingvistiske og nordiske studier
  • Nordisk litteratur
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Å finne ei løysing saman. Ein studie av bokseminar som undervisningsform

Frøyen, Solveig Hesvik
Master thesis
View/Open
MASTER-Solveig.pdf (1.665Mb)
Year
2016
Permanent link
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-57180

Metadata
Show metadata
Appears in the following Collection
  • Nordisk litteratur [342]
Abstract
I denne studien er bokseminaret – ein elevaktiv, litterær samtale i fokus, slik den blir praktisert ved ein norsk Montessori-skule. Gjennom opptak frå seminaret og intervju med sju tiandeklasseelevar i etterkant av ein seminarperiode undersøker studien kva elevane har fått ut av romanen Fuglane av Tarjei Vesaas. Dette er ein klassikar, og ein roman som kan vere komplisert å forstå på mange plan – den er på litt gammaldags nynorsk, har poetisk språk, og fleire element ved boka er ikkje umiddelbart tilgjengeleg for lesaren. Formålet med studien er å undersøke potensialet i bokseminaret som undervisningsform. Elevane styrer samtalen sjølve, og læraren har primært ei observerande rolle, men kan komme med innspel. Gjennom kvalitativt intervju undersøker studien kva for tolkingar elevane sit igjen med etter å ha diskutert og prøvd ut tankane sine i seminar, og kva for potensiale som ligg i seminarforma. Studien ser på om denne elevaktive undervisningsforma kan støtte opp om ei heilskapleg litterær kompetanse hos elevane, der dei knyter saman erfaringar og opplevingar med analyse og refleksjon om Fuglane. Nokre av elevane sine sterkaste kort er nemleg at dei ser fleire tolkingsmoglegheiter i teksten, og at dei brukar kvarandre for å vidareutvikle litterære tolkingar gjennom å dele tankar og hypotesar med kvarandre. Elevane meiner sjølve at det å snakke om litteratur får deg til å tenke og sjå fleire perspektiv, og at det å finne ei løysing saman er betre enn å gjere det åleine.
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy
 

 

For students / employeesSubmit master thesisAccess to restricted material

Browse

All of DUOCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitles

For library staff

Login
RSS Feeds
 
Responsible for this website 
University of Oslo Library


Contact Us 
duo-hjelp@ub.uio.no


Privacy policy