Abstract
Tidsskriftet Syn og Segn (eigd av Det Norske Samlaget) er eit av dei eldste allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg. Sidan skipinga i 1984 har tidsskriftet hatt ei språkpolitisk målsetjing om å fremje nynorsken ved å ta den i bruk, og redaksjonen skulle formidle den nynorske litteraturen på same grunnlag som Det Norske Samlaget. Litteraturen har frå byrjinga av vore eit viktig stoffområde for Syn og Segn og omfattar mellom anna litteraturhistoriske artiklar, litteraturvitskaplege artiklar, litteraturkritikk og skjønnlitterære bidrag. Oppgåva er ei kritikkhistorisk undersøking av litteraturkritikken i tidsskriftet i perioden 1945 til 2014. I oppgåva er kritikken analysert ved hjelp av både kvantitativ og kvalitativ metode. For den kvalitative delen av analysen ligg eit utval av 86 bokmeldingar til grunn. Litteraturkritikken er analysert med mål om å finne svar på kva som karakteriserer kritikken i denne 70 års-perioden. I kor stor grad er kritikken eit uttrykk for det språkpolitiske mandatet til tidsskriftet? Vektar den språkpolitiske funksjonen til tidsskriftet direkte inn på kritikarane sine kvalitetsvurderingar?