Hide metadata

dc.contributor.authorKjøllesdal, Bente Kristin Rundereim
dc.date.accessioned2016-08-24T22:28:00Z
dc.date.available2016-08-24T22:28:00Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.citationKjøllesdal, Bente Kristin Rundereim. Putins historiske referansar og referansar til historia: Ei gransking av korleis historie vert nytta i talene til Vladimir Putin frå 2000-2014.. Master thesis, University of Oslo, 2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/51544
dc.description.abstractDenne oppgåva granskar korleis historiske referansar og referansar til historia vert nytta i talene til Vladimir Putin frå 2000–2014. Sidan Putins entré som president har Kreml’ i stadig større grad utnytta det ibuande maktpotensialet i historia, og gjennom historiske referansar så konstruerar dei ein nasjonal identitet og eit russisk sjølvbilete som er gunstig for den politiske eliten. Den teoretiske bakgrunnen tek utgangspunkt i Alexei Miller si forståing av «historical politics» og bruken av historie som eit verkty i politiske omsyn i Russland. Vidare nyttar oppgåva Duncan Bell sitt omgrep om eit «mytelandskap», eit kvelv av mytar i stadig utvikling og rotasjon, som alternativ til det meir upresise «kollektivt minne». I forlenging av dette, så baserer oppgåva seg også på Bo Petersson sin påstand om to komplementære mytar – den sykliske urotid og stordomstida som følgjer – som pregar den russiske politiske diskursen, i tillegg til at oppgåva også vil hevde ei tredje myte – det historisk velfungerande, fleirnasjonale Russland. Tilnærminga til talene er ei innhaldsanalyse med tre individuelle casar, og er vidare inspirert av omgrepsapparatet frå den retorisk analysen, den kritiske diskursanalysen sitt fokus på makt og ideologi, og konseptet om den politiske myte som eit analyseringsverkty. To av tre casar tek føre seg dei hyppigaste og mest dominerande historiske referansane – Den store urotida i 1612, og andre verdskrig. Desse har kvar sin funksjon i høve til Kreml’ sitt overordna statsprosjekt som denne oppgåva definerer som ei internalisering av ein regime-retta og militær patriotisme i befolkninga. Referansar til Den store urotida skal legitimere den sterke statsmakta, og konsolidere ein einskap både i Russland og i den vidare russkij mir. Gjennom tilvisingane til andre verdskrig så konstruerer Kreml’ den ideelle russar og det ideelle Russland – den arketypiske soldat i eit Russland som har vunne att si historiske rolle og realisert si skjebne som ei stormakt, ein toneangjevande aktør på den internasjonale scene. Den tredje og siste casen – Ukraina-krisa og Krim-annekteringa – visar korleis mytane som vert etablert i dei to føregåande casane vert tekne i bruk i praksis. Det utgjer ikkje eit diskursiv brot, men heller ei vidareutvikling – casen illustrer korleis historia må forfalskast for å passe inn i det etablerte russiske mytelandskapet.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titlePutins historiske referansar og referansar til historia: Ei gransking av korleis historie vert nytta i talene til Vladimir Putin frå 2000-2014.nno
dc.title.alternativePutin's historical references and references to history: How history is used in Vladimir Putin's speeches from 2000-2014eng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2016-08-24T22:27:59Z
dc.creator.authorKjøllesdal, Bente Kristin Rundereim
dc.identifier.urnURN:NBN:no-54984
dc.type.documentMasteroppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/51544/5/oppginnlev-9d6162e0-b081-4773-b2af-b61c3eb7df6eKj-llesdal_Masteroppg-ve.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata