Abstract
Samandrag Tradisjonelle massebalansemålingar med stakar og tettleiksprøver har vore utført i Noreg i over 50 år. Hellstugubreen, som denne oppgåva tek føre seg, har ein av dei lengste massebalanseseriane i Noreg. Massebalansen kan målast med ulike metodar. Dei siste tiåra har teknologiske utviklingar ført til at den geodetiske metode for massebalanse har blitt meir nøyaktig. Denne metoden nyttar høgdemodellar og målar ikkje årsbalansen, men massebalansen over fleire år, gjerne ei tiårsperiode. Uavhengige observasjonar gjort med tradisjonell- og geodetisk metode samsvarar stort sett, men gir for nokre brear i Noreg store avvik. Fleire faktorar kan vere årsak til denne skilnaden, ein av dei er stakenett som er for sparsame eller plassert slik at det ikkje målar den faktiske massebalansen på breen. Denne oppgåva tek derfor føre seg eit utvida stakenett som blei satt ut på Hellstugubreen 1. april 2014. Dette for å revurdere det romlege ablasjonsmønsteret og representativiteten til stakenettet, for å finne ut kor godt stakane fangar den romlege variasjonen i overflatebalanse. I denne samanheng blei større områder, botnar, som sjeldan eller aldri har vore målt før inkludert i stakenettet. Representativiteten i tradisjonelle målingar er ei kjelde til usikkerheit, og derfor har også andre feilkjelder i måle- og utrekningsprosess blitt undersøkt her. Målingane på det utvida stakenettet blei utført massebalanseåra 2014 og 2015, og resultata viser først og fremst eit stakenett som er representativt for ablasjonen på breen. Sommarbalansen funne ved det utvida og opphavlege stakenettet viser tilsvarande resultat. Ablajonen på stakar ved same høgde er lik på bretunga men frå 1800 m.o.h. smeltar det noko mindre i dei vestlege områda nær botnane. Likevel fangar stakenettet stort sett middelablasjonen ved det gitte høgdeintervallet. Sommarbalansen i den nordlegaste botnen skilte seg ut samanlikna med dei andre botnane, men her viste usikkerheita i måleprosessen seg å vere stor. Ulike regresjonsmetodar og romlege interpoleringsmetodar av sommarbalansen blei prøvd ut og resultatet viste låg sensitivitet i høve val av metode. Vidare viste målenett heilt ned i fire stakar liten forskjell i sommarbalanse i høve balansen rekna ved hjelp av alle stakane. Usikkerheita blir derimot større ved bruk av færre stakar. Bruk av laterale målingar hadde generelt liten påverknad på sommarbalansen og ga lite ny informasjon om ablasjonen på breen. Resultatet viser at talet på stakar kan vere lågt, men ein må ta omsyn til at nokre stakar forsvinn, smeltar ut eller blir bøygd.