Hide metadata

dc.contributor.authorEspe, Torunn
dc.date.accessioned2016-01-26T23:00:25Z
dc.date.available2016-01-26T23:00:25Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.citationEspe, Torunn. Kvifor vert nokon sjuk av å vere flink? Ei undersøking av flink pike-syndromet sett i lys av sosial representasjonsteori og identitetsprosessteori.. Master thesis, University of Oslo, 2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/48746
dc.description.abstractUnge jenter skriv i Aftenposten si debattside for ungdom, Si;D, om eit flink pike-syndrom. Det kan sjå ut som vi har fått eit nytt omgrep. I følgje Blakar (2006) vil ein før eller seinare om ein interesserer seg for problem som har med menneske og deira situasjon å gjere, kome bort i problem som er knytt til språk og kommunikasjon. Med utgangspunkt i dette har denne oppgåva teke på seg å sjå nærare på flink pike-syndrom gjennom sosial representasjonsteori og identitetsprosessteori. Er det slik at dette omgrepet vert nytta som ein meistringsstrategi for dei unge jentene, og kva kan vi forstå av dynamikken mellom identitet og sosiale representasjonar ved å sjå på kommunikasjonen til dei unge jentene? Metode: Analyse av 11 tekstar frå Aftenposten si Si:D og Ung Debatt, debattside for ungdom. Tekstane vart analyserte ved hjelp av tematisk analyse med utgangspunkt i Braun & Clarke (2006) sin modell med seks ulike fasar. Resultat: Dei unge jentene som identifiserer seg med flink pike-syndromet, tek kontakt med kvarandre gjennom Aftenposten si debattside for ungdom og informerer om konsekvensar og løysingar kring fenomenet. Dette samsvarar også med det Bugdeon (2003) viser til, at kvinner finn solidaritet hos sine eigne og at sjukdomsklagane vi har i vår kultur, har blitt ein vanleg del av den pakken det vil seie å vere kvinne, kanskje særleg ung kvinne. Dei unge jentene forklarar ein identitet som er foreinleg med det å vere flink å høyre til ei slik gruppe. Ved å skulle ta avstand frå ein slik kategori må ein også ta avstand til verdiane og dei emosjonelle faktorane det å høyre til denne gruppa gjev. Ut frå Tajfel (1978) sin sosial identitetsteori vil jentene sette seg sjølv og si gruppe i eit positivt lys – og dermed sjå på utgrupper som eit mindre forlokkande alternativ. Vi er motiverte til å oppretthalde eit positivt sjølvbilde – og dei unge jentene ser ut til å føretrekke å ha eit flink pik-syndrom, enn å skulle gje opp si eiga flinkheit. Dei ulike identitetane til jentene gjev oss ulike sosiale representasjonar og ei ulik kommunikasjonsform. Identiteten, måten dei ser kvarandre på og representerer seg sjølv, er med på å forme korleis dei kommuniserer og forstår si eiga verkelegheit.nor
dc.language.isonor
dc.subjectsosial
dc.subjectrepresentasjonsteori
dc.subjectidentitetsprosessteori
dc.subjectpost
dc.subjectfeminisme
dc.titleKvifor vert nokon sjuk av å vere flink? Ei undersøking av flink pike-syndromet sett i lys av sosial representasjonsteori og identitetsprosessteori.nor
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2016-01-26T23:00:25Z
dc.creator.authorEspe, Torunn
dc.identifier.urnURN:NBN:no-52595
dc.type.documentHovedoppgave
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/48746/15/HO2015END.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata